Via I heart photograph kom eg over arbeida til Diana Scherer, og tenkte berre WTF? Eg skjønar ikkje heilt kvifor eg har byrja å tenke i internett-akronym, men det er vel eit teikn på at ein bør halde seg unna webben ei stund.
Deretter tenkte eg wow … .
Kollisjonen mellom det «tredimensjonale» motivet og todimensjonale cutouts eller papirfotografi skapar ulike flater, rom og tvetydigheiter i bileta som gjer dei underleg tiltrekkande samtidig som motivet framstår fjernt og framand. Eg vil absolutt tilrå å ta ein titt på sida, som for øvrig også har ei interessant utforming.

Oj, det var en veldig spesiell stil. Interessant måte å lage kollasje på. Jeg fikk lyst til å prøve meg på noe lignende!
Det ble forøvrig litt hard kost for meg med de døde dyrene, jeg er veldig glad i dyr. Men jeg forstod tanken bak disse bildene, og den er litt vakker egentlig. Håper dog at dyrene ikke ble drept for kunstens skyld :p