Frie lydbøker og filmar med BitTorrent

FOR EI STUND SIDAN nevnte eg at boka Free Culture (Lawrence Lessig) føreligg som gratis group-effort lydbok (*.torrent). Denne er gratis av di forfattaren har frigitt teksten under Creative Commons og ho er lese inn på dugnad etter LibriVox sin modell (kvar bidragsytar les inn eitt kapittel). Det fins også mykje anna slikt materiale tilgjengeleg. Som LibriVox samlar også Project Gutenberg på lydbøker (i tillegg til vanlege e-bøker)—desse vert lesne av enten menneske eller datamaskiner.

FILMAR OG ANNA MATERIALE som er frigitt kan ein finne til dømes hos Public Domain Torrents, som mellom anna har ein del gamle science-fiction-filmar, og Legal Torrents som er ei litt ryddigare side med meir forskjellige ting. Ein kan også finne titlar på IMDb under nøkkelordet public-domain, og så heller søke opp torrents andre stader. Eg har for øvrig foreslått for IMDb å inkludere torrent-funksjonalitet på sidene til slike filmar, noko som utvilsamt ville gitt fleire gamle filmar eit større publikum, men eg trur eigentleg det er for mykje å håpe på.

PS: The Internet Archive har ei enorm mengd filmar tilgjengeleg, men foreløpig  ikkje via BitTorrent.

0 Svar til “Frie lydbøker og filmar med BitTorrent”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar