Barndomsheltar og spesielle evner

Joseph PujolVED SIDAN AV Galileo Galilei var Joseph Pujol (1857 – 1945) ein av min barndoms store heltar. Eg hadde berre lese om han i ei bok, men hugsar framleis at han kunne fise så hardt at det blas ut eit levande lys på fleire meters avstand.

HAN KALTE SEG FJERTOMANEN, eller Le Pétomane, og av andre triks kunne han til dømes koble ei fløyte til rumpa ved hjelp av ein slange og spele lange melodiar for publikum. Kvar gong eg las om dette vart eg slått av ei grenselaus beundring for denne mannen, men uansett kor mykje eg øvde vart eg aldri i stand til å gjenta ei einaste av hans mange bragder. Han var nok meir anatomisk disponert, og eg innsåg etter kvart at eg aldri kom til å bli profesjonell prompar.

«When he joined the army he told his fellow soldiers about his special ability, and repeated it for their amusement, sucking up water from a pan into his rectum and then projecting it through his anus up to several yards. He then found that he could suck in air as well» (Wikipedia d.d.)

ETTER KVART SOM eg vart eldre mista eg også interessa for promping—ofte er det diverre slik å bli vaksen—og eg hadde eigentleg i stor grad også gløymt heile fyren inntil eg for ei tid attende kom over eit klipp frå ein kortfilm som er laga om han i 2005.

DET ER FRAMLEIS vanskeleg ikkje å bli overmåte entusiastisk over at ein mann faktisk hadde promping som levevei, og filmen ser verkeleg ut som ein kuriositet det er verd å få med seg—kunne eg berre få tak i han. Det fins for øvrig også ein annan film frå 1979, som ikkje har blitt distribuert på video, men heile litt ute på YouTube. I tillegg er det laga ein dokumentar i 1998.

0 Svar til “Barndomsheltar og spesielle evner”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar