Nynorskbrukaren—ei sosiologisk karakterskildring

Nynorsk har eit imageproblem. Det er utbreidd oppfatting at nynorskbrukarar ikkje er riktig navla, og kanskje er ikkje dét så langt frå sanninga.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
— Ivar Aasen, Nordmannen (1863)

I 1834 REISTE DEN ENGELSKE marineløytnanten William Henry Breton til Noreg med seilskip og kunne alt før han steig i land konstatere at den «ville og værbitte kyst bærer preg av håpløs goldhet». Turen for øvrig gjekk med til å klaga over bøndene sine vulgære matvaner, skitne hus og generelle drukkenskap. Om Bergen kunne han bemerke at omfanget av spytting innandørs gjorde det umogleg å ha tepper på golva.

NYNORSK ER HOVUDSAKLEG eit vestlandsfenomen, og sidan vestlendingar følgeleg levde som kulturelle einstøingar allereie før Nynorsken vart oppfunnen (i 1840-åra) kan vi ikkje legge skulda for det vestlandske lynnet på skriftspråket. Med eit slikt utgongspunkt har det uansett lite å sei med eit par språklege utfordringar frå eller til. Språket må imidlertid bera preg av det samfunn det har blomstra ut frå, og vestnorsk geografi er ikkje det som gir den største grobotnen for blomar. Kanskje er det nettopp difor vi har omfamna denne kuriøse blomsten av eit språk som vår eigen? Dét, og tronga til ytterlegare å isolere oss frå naboen. 

NYNORSKBRUKARAR BUR ÅLEINE i trekkfulle hus og travar dagstøtt rundt i tunet iført grå, loslitne lusekofter. Det fins ingen plausible hypoteser rundt korleis dei formeirar seg, men statistikken tilseier at dette er noko dei er særs dårlege på. I staden held dei i hevd sine trauste fritidssysler, som til dømes å kløyve ved—eller å slå plenen med ljå. Ein sjeldan gong ser dei fjernsyn, men då gjerne gjennom stoveglaset til naboen og utelukkande program som tilhøyrer NRK si nynorskkvote. Desse programma handlar gjerne folk som bur på stader der ein eigentleg ikkje skulle tru at nokon kunne bu—noko einkvar nynorskbrukar kan kjenne seg att i. Særleg når det handlar om austlendingar. 

«Nordmennene bygger i sannhet sine boliger på de merkeligste steder.» —William Henry Breton, engelsk turist, 1834

EIN GONG VAR NYNORSKEN progressiv og nyskapande, og mållaget var ein gjeng hippe, muligens absintdrikkande, raddisar som på uforståeleg vis i 1885 presterte å få likestilt landsmaal—eller sidemål, som dei fleste kallar det i dag—med bokmål. Rett nok var dei allereie progressive på ein bakstreversk måte, men sidan dette prinsippet låg latent i den nasjonalromantiske idéen kunne ikkje dei åleine klandrast for det, i alle fall ikkje i starten. Det er imidlertid breid einigheit om at nasjonalromantikken gjekk av moten rundt 1850, og at mållaget og målungdommen—eventuelt gamlisungdommen no til dags—er ei beundringsverdig sta gruppering, utan at det på nokon måte er ein indikasjon på sjølvinnsikt. 

DET BLIR IKKJE BETRE av at deira einaste støttespelar, Språkrådet—som for øvrig også slit med bakkekontakten—omtalar Nynorsken som «kulturarv»; det vil seie noko som treng å få stønad kun fordi det er gammalt. Det er ikkje utan grunn at ein ser så mange grytelappsamlande nynorskbrukarar på Norge Rundt, eller skal vi ikkje berre kalle det Noreg Rundt, først som sist, kven er det vi prøver å lure? Ytterlegare modernisering av språket kjem uansett ikkje på tale så lenge Nynorsk minner mest om ei liberal form for bokmål. Målfolket ser følgeleg bokmålsspøkelser ved høglys dag og oppfattar eikvart forslag til nye språklege former som mytteri og assimileringsforsøk. 

DIFOR ER NYNORSKBRUKAREN i dag ein nasjonalromantisk fossil. Ein gammal soldat som lid av ei standhaftig overtyding om at det framleis er krig, eller strid, som det heiter. Ein figur som, sitjande i den knirkande tømmerhytta si, lyttar til tikkinga av det gamle vegguret medan han stirrar ut glaset, i håp om at det skal koma ein stakkarsleg, men muntert plystrande, bokmålsbrukar forbi, så han kan gå ut og hytte med neven og servere vedkommande eit lynkurs i sidemålets meir ufine klammeformer. 

7 Svar til “Nynorskbrukaren—ei sosiologisk karakterskildring”


  1. 1 Oda 11. februar, 2009 at 14:36

    Men nå er det jo så mange av de unge hippe forfatterne som skriver på nynorsk, har du ikke fått med deg det? Særlig eksperimentelle poeter. Det går nesten ikke an å være eksperimentell poet i Norge idag og skrive på bokmål, trur eg.

    Vurderar å byte målføre sjøl, men kvar gong eg prøver vert ordlyden grufullt arkaisk. Typisk tegn på bokmålshjerte, antakeleg. Dei unge hippe skriv derimot eit nynorsk som nesten ikkje kan skiljast frå bokmål. Men a-endingane må dei behalde, det er opptakskriteriet på Samlagets ettertrakta manuskurs.

  2. 2 Mads 11. februar, 2009 at 14:56

    Oda: Spør du meg er ikkje eksperimentell poesi eit godt verkemiddel for å stadfeste nynorskens forståelegheit, men kanskje som eit slags nymodernistisk prosjekt?

    Sjølv har eg ikkje noko imot nynorsk, sidan det ligg tettare opptil mitt eige talemål enn bokmål, men eg kan likevel ikkje unngå at det vert arkaisk frå tid til anna, sidan min dialekt ikkje inneheld dei verkeleg gode nynorskuttrykka. I tillegg vert det desto meir oppstylta dersom eg måtte finne på å skrive med sjølvironi. Den same effekta opplever eg imidlertid også på bokmålet mitt, som har “street cred” på nivå med Donald Duck. Det er vel også der eg har lært bokmål.

  3. 3 Janne i trykken 11. februar, 2009 at 17:55

    Med inspirasjon frå eige liv, Mads? (: Lusekofta har du i alle fall på plass.

  4. 4 Mads 11. februar, 2009 at 18:48

    Janne: Jau, bortsett frå at eg ikkje ser fjernsyn i det heile. :-S

  5. 5 Janne i trykken 11. februar, 2009 at 23:11

    Endå betre! Då er du jo ein gamlisungdom!

  6. 6 Avil 13. februar, 2009 at 0:13

    Elskeleg tekst.

    Eg skriv nynorsk fordi det er jækla sexy, sjølvsagt. Truselaus under bunaden, kulturarv, møkk, vulgært, akademisk og krevande samstundes. Blir ikkje meir sexy enn ein filosofiprofessor som veit korleis ein brukar motorsag i tett lauvskog, eller ein matematikar som ror godt og kan sløye fisk.

    Men det skal me ikkje snakke om no, sjølvsagt.

  7. 7 Mads 13. februar, 2009 at 9:32

    Avil:

    Godt poeng. Nynorsk er ikkje for pyser. Hard, men rettvis.


Skriv et svar