Kva Spotify gjer med fildelingsdebatten

Korleis vil vi bruke musikk i framtida?

Zappa plays Zappa foto:Mads

ERIK FOSNES HANSEN skriv at vi skal halde på som før. Enten kjøpe plater eller laste ned ulovleg. Han kjem ikkje med noko anna forslag på løysing enn å straffe dei som lastar ned ulovleg.

«Dette kommer nemlig ikke til å regulere seg selv. (…) Det er etter loven myndighetenes ansvar og plikt å påse at tyveri blir oppsport, straffet og hindret.»

Ei enormt ressurskrevande løysing som også krever uønska overvaking, altså. Ikkje noko godt forslag. Ikkje eingong for ti år sidan var dette eit godt forslag.

ANNE SOLSVIK (Unge Venstre) svarar:

«Men folk vil ha mest mulig kultur for penga, og går heller på iTunes enn på Platekompaniet, og må velge mellom kino, filmer, konserter, lovlig nedlasting og Spotify. Konkurransen vinner mot CDen, og bra er det.»

DETTE ER BRA, for CDen er eit ressurskrevande mellomledd som fleire og fleire klarar seg utan. Det er enklare og billegare å laste ned, og det er gratis å laste ned ulovleg. Men det enklaste av alt er Spotify. Det er det første alternativet som har vore både gratis og enklare enn å laste ned ulovleg (meir om Spotify her).

DET FØRSTE SOM SLO MEG då eg prøvde det var at eg ikkje forstod korleis dei kunne tene pengar på dette, men det er i grunnen ganske logisk. For det første har dei både betalande brukarar og reklame. Veldig lite reklame foreløpig (eg har ikkje hørt ein sidan i fjor), men det kjem truleg litt meir. Uansett ikkje plagsomt mykje. Nøkkelen er imidlertid at dei har laga ei teneste som er som heroin for musikkelskarar. Dei har laga noko som for heimebruk er langt betre enn ulovleg nedlasting.

  • Spotify gir umiddelbar tilgong til musikken. Ulovlege nedlastingar tar tid.
  • Spotify lar deg lage og dele spelelister av musikken utan at du må sende mp3-filer til kameraten din. Det er gjort på eit øyeblikk.
  • Du kan invitere folk på ønskekonsert med tilgong til all musikk (det er Spotify sitt mål å ha alt).

FORDI SPOTIFY ER BEDRE vil fleire bruke Spotify. Slik stoda er i dag har vi massevis av uregistrert speling av musikk frå piratkopierte filer, i tillegg til slikt som konvensjonell radiospeling og CD-sal. Spotify registrerer alt, og dei har lisens. Totalresultatet slik eg ser det vil bli ei enorm auking i registrert avspeling av musikk. Dette må føre til at utgiftene per avspeling blir mindre. Det blir dermed billegare for sluttbrukaren. Sidan vi i tillegg hoppar over mykje av det platebransjen driv med, så kan ein jamvel risikere at artisten får større inntekter.

«Fri fildeling er til fordel for artister, konsumenter, og samfunnet forøvrig. De som taper er store, grådige, giganter som ikke har lyst til å dø, forståelig nok. Ingen har lyst til å dø. Men en bransje som (…) kaller det krise når markedet snur seg til mer effektive distribusjonskanaler, snurper igjen artisters muligheter til å prøve nye markeder, og klager på 600% salgsøkning, trenger kanskje litt aktiv dødshjelp.» —Anne Solsvik

BURDE IKKJE PLATEBRANSJEN halde seg til det dei framleis kan tene pengar på—å finansiere innspeling og promotering—i staden for å selge plastskiver, jakte på piratar og finne opp nye, dysfunksjonelle kopisperrer?

Relatert:

6 Svar til “Kva Spotify gjer med fildelingsdebatten”


  1. 1 jokke 15. januar, 2009 at 21:53

    Jeg synes også spotify er et kult program, men har noen innvendinger:
    1.) PCer, MACer og lignende har ikke nok muskler til å gi deg god lydkvalitet. Altså greit på kontoret, men litt kjipt hjemme.
    2.) Filene er ikke av fabelastisk kvalitet. Du merker faktisk stor forskjell på CD-musikk og sånn Fil-musikk hvis du har utstyret til å tolke det.
    3.) Utrolig mye musikk finnes ikke på Spotify. 66% av CDene jeg kjøpte i fjor kan du ikke høre på spotify. Som betyr at folks musikksmak sentreres.

    Ellers er jeg veldig for fri musikk og sånt altså

  2. 2 Mads 15. januar, 2009 at 23:41

    Jokke:

    1.) Er ikkje sikker på kva du meinar her–er det kvaliteten på eit gjennomsnittleg lydkort du tenker på?

    2.) Til dels enig, men med eit digert Sennheiser-headsett på profesjonelt ESI-lydkort var det lite å utsette på kvaliteten for min del. Skulle imidlertid gjerne visst meir om dette. Kanskje det dukkar opp ein test etter kvart?

    3.) No er tenesta i startfasen, og eg har også lagt merke til at det spesielt manglar ein del norsk musikk, men eg reknar med det kjem. Sverige er jo trass alt nabolandet vårt. Det som er internasjonalt anerkjend, sjølv av smal kunstmusikk, synest eg det er bra utval av allerede.

    Eg trur ikkje at folk sin musikksmak blir sentrert av dette–eg trur snarare det blir motsett. Det er ingenting som har utvida musikksmaken min så mykje som når eg har tilgong til store mengder musikk på ein gong. Kanskje det til og med blir enklare å utforske nye sjangrar. For min eigen del er elektronisk musikk ein uutforska sjanger, kanskje med unntak av litt Arne Nordheim, Ulver og nokre få andre. No kan eg på eit øyeblikk få ein playlist med alle klassikarane eg har forsømt.

  3. 3 Geir 16. januar, 2009 at 19:26

    Dette var den mest klargjørende og greie forklaringen på hva Spotify er og hva som gjør den annerledes enn det andre vi har fått tilbudt de siste årene. SÅ nå vet jeg hva det er jeg anbefaler andre ;-).

    Ellers har du laget en blogg som er midt i blinken for mine interesser. Å kalle den “Tvangstanker” er jo en festlig idé, men det er ikke mye tvang jeg leser mellom (eller i) linjene dine.

  4. 4 holtmi 18. januar, 2009 at 14:32

    Og jeg kan fortsatt ikke skjønne hvorfor Spotify er så mye bedre enn Last FM som har tilgang til det aller meste av hva som er produsert! Last FM har jeg brukt i snart 2 år.

    Vet ikke folk at dette har eksistert lenge gjennom Last FM?

  5. 5 Mads 18. januar, 2009 at 14:47

    holtmi:

    Eg har sjølv brukt Last.fm i over 3 år, men på Last.fm må du betale for å få ei teneste tilsvarande gratisversjonen av Spotify. Det er ikkje så attraktivt å linke andre til materiale som ein må vera betalande brukar for å høyre i si heilheit.

  6. 6 Runar 23. januar, 2009 at 12:19

    Eg er samd i at Spotify er eit klokkereint konsept, som fungerer veldig bra for mange forbrukarar. Eg er også samd i at musikkbransjen burde satsa meir på slike løysingar og mindre på syt. Eg er ikkje samd i at dette har noko med “fri fildeling” å gjera. Om ein tillot fri fildeling, kunne jo Spotify blitt lansert utan reklame, utan betalingsversjon, og utan vederlag til opphavsmenna. Nokon vil kanskje betala opphavsmenna likevel av rein godvilje, men dei mange?

    -fildelingsdissident i Unge Venstre


Skriv et svar