Rariteter og snurrepiperier på Spotify?

Sjå nederst for spelelister!

AT MANGE ER opptekne av musikk er vel aldri så tydeleg som når det kjem ei ny musikkteneste på nett, og sjølv om Spotify lovar å jobbe mot å ha all musikk tilgjengeleg er tenesta allereie full av overraskingar. Og er du ikkje heilt oppdatert fins det nok av dei euforiske og nyfrelste som forkynner det glade bodskap.

Spotify til folket + tips og triks | Møt min store kjærleik: Spotify | World Music med Spotify | Oi. Spotify! | Spotify

SJØLV HAR EG eit manisk forhold til musikk, noko som medfører at det for min del har vore julafta kvar dag i det siste. Aldri har det vore så lett å sette seg inn i ny musikk og finne gamle perler. Problemet i mitt tilfelle er at eg blir så ivrig at eg ikkje klarar å finne roen og nyte opplevinga. Det blir for mykje på ein gong. Information overload. Det ultimate luksusproblem. Men eg kjem nok over det.

TIL DØMES FANN EG Frank Zappa si Synclavier-innspeling frå 1984 av 1700-tals-komponisten Francesco Zappa (Spotify-URL). Herleg synth-kammermusikk. Eg fann ikkje denne på biblioteket eller YouTube. Når det gjeld øvrig kunstmusikk og meir obskur samtidsmusikk er også utvalet bra, men riktignok ikkje i norsk skala (med unntak av black metal). Innafor rock og pop må eg også uttrykke begeistring over å ha oppdaga M83, som har eit spennande sound, og har gitt ut ganske mange album utan at eg har fått det med meg. Høyr til dømes Skin of the Night!

SPOTIFY ER OGSÅ ein fin måte å finne kule coverlåter på. Berre tast inn ein låttittel. Har du hørt Pink Floyd sin Welcome to the Machine med Queensrÿche? Ellers er det somme artistar du ikkje finn på Spotify, som til dømes The Beatles, men dei er til gjengjeld muligens det best covra bandet der inne, og det er tonnevis med kule covers å finne. Kom gjerne med fleire tips!

PS: Og for dei som trur Spotify er som Last.fm: nei, det er ikkje det, men Spotify støttar Last.fm-scrobbling.

+TILLEGG: Sjekk også ut Alt om ny og trendy musikk som har eit par topplister med ferdiglaga Spotify-spelelister til. Absolutt ein fin måte å bruke tenesta på:

+TILLEGG 2: Andre interessante Spotify-lister eg har funne:

Eg har også oppretta ei kollaborativ speleliste for elektroniske innspelingar av klassisk musikk.

Blogged with the Flock Browser

8 Svar til “Rariteter og snurrepiperier på Spotify?”


  1. 1 holtmi 30. desember, 2008 at 16:10

    Jeg holder fortsatt en knapp på Last FM men liker Spotify også.

  2. 2 Mads 30. desember, 2008 at 16:23

    holtmi: for min del er det moglegheita til å høyre nøyaktig det eg vil som gjer Spotify overlegent Last.fm, men tenestene er som sagt ulike på mange måtar.

  3. 3 holtmi 30. desember, 2008 at 16:28

    Det skal jeg være helt enig i, men liker community preget over Last FM

  4. 4 eilif 30. desember, 2008 at 17:12

    Jeg vil også være euforisk Spotify-frelst … ! Men jeg har ingen invitasjon og jeg er for kjip til å betale 99 kroner når samleren i meg er nødt til å kjøpe musikken etterpå likevel … :(

  5. 5 Mads 30. desember, 2008 at 17:44

    holtmi: joda, og eg er litt skuffa over at ein ikkje eingong kan søke etter spelelister på Spotify, men eg trur det kjem. Det fins dessutan enkelte tredjepartsvariantar

    eilif: frelse er eksklusive saker, men sidan eg no hadde ein til overs ;-)


  1. 1 Alt om ny trendy musikk Trackback30. desember, 2008 at 17:34
  2. 2 Pop møter klassisk og andre suspekte rariteter « God dag, verd! Trackback22. januar, 2009 at 22:28
  3. 3 Ikkje få angst! Det er berre jazz. « God dag, verd! Trackback22. februar, 2009 at 12:26

Skriv et svar