TRADISJONELL SVARTMETALL er kanskje ikkje så ekstremt lenger? Korvidt Satyricon er «ekte black» eller ikkje blir eit anna poeng, men anmeldar Erik Kydland i Dagsavisen konkluderer i alle høve med at «Kråke på gravstein er den nye Elg i solnedgang»
EG MÅ TIL DELS vera einig — Volcano (2003) hadde ei friskare kjensle både tematisk og musikalsk. The Age of Nero (2008) har vel så interessant musikk, men det skjer berre så lite interessant på den verbale fronten. Svartmetall har eit større poetisk potensiale enn «overmenneskebabbel» og ravner.
NÅR DET GJELD musikken, så er det også interessant å lese anmeldinga til Erik Steinskog i BT, som etter dette tydelegvis har fått eit rykte på seg som «klassiskanmeldaren som anmeldte metall». Noko som ikkje er uforståeleg etter setningar som
Tonaliteten er modal og minner innimellom om renessansemusikk, dog uten dennes polyfoni.
DEI OM DET, eg synest både Steinskog og Kydland tilfører unike og interessante perspektiv. Ekstremmetall har nok meir til felles med dei klassiske musikkformene enn mange har tenkt over. I tillegg finn eg sjølv mykje interessant i sjiktet mellom ekstremmetall og kunstmusikk. Steinskog svarar også på bloggen sin med å nevne fem nye utgjevingar som inspirerer til å høyre meir metall, deriblant Fantômas og John Zorn, som eg sjølv er mektig begeistra for, så her er det fleire tips eg skal ta til meg. Mellom anna Trinacria, som består av ekstremmetallgruppa Enslaved og støymusikarane frå Fe-Mail. Det er i grunnen rart eg ikkje har fått med meg dette, sidan Maja Ratkje er ein av dei mest profilerte samtidsmusikarane for tida.
- To andre ekstremmetallgrupper eg har omtalt
- Eg har tidlegare også nevnt Gorgoroth, som forresten har felles perkusjonist med Satyricon.
- Artikkel om black metal i Dagbladet
+Når me snakkar om svarte kråker på gravsteinar.
0 Svar til “Eksperimentell metall og Satyricon”