Ei lita fotoutstilling

MINIUTSTILLING: frå og med laurdag 5. juli har eg ti fotografi utstilt i Liv Sundal Ateliér i Bergen. Det er eit keramikk-ateliér som ligg i Sparebanksgaten ved Skostredet og har ope tirsdag-fredag 11-17 og laurdag 11-15.

BILETA ER GATEFOTOGRAFI frå Bergen, og alle er tekne i mai i år, mellom anna under opninga av Festspillene og under 17. mai. Eg har vore tett på framande menneske og situasjonar for å lage bilete som på eit vis framstår utan samanheng eller i ein framand samanheng. Sidan dei likevel heng saman i tid og rom oppstår det imidlertid ei slags felles stemning, sjølv om bileta i prinsippet er uavhengige og utan kunstnariske pretensjonar. Klikk for å sjå ein større versjon.


Utan tittel, Bergen 2008


TEKNISK: Bileta er digitale print frå 35mm svart/kvit film. Storleik A4 med 30×40cm ramme og kvit passepartout. Dei er avgrensa til 25 print, og eitt bilete kostar 1300,-


0 Svar til “Ei lita fotoutstilling”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar