I april las eg fem bøker og kan anbefale samtlege. A Brief History of Time av Stephen Hawking, The Man Who Mistook His Wife for a Hat av Oliver Sacks, The Revenge of Gaia av James Lovelock, Unweaving The Rainbow av Richard Dawkins og …
Post Office av Charles Bukowski. Den einaste romanen eg las i april var denne intense og sjølvbiografiske forteljinga om ein skikkeleg bad-ass av ein postmann. Premien for å underhalde meg mest går dermed til Bukowski, til trass for at alle dei andre bøkene eigentleg var meir interessante.
Eg er for øvrig snart ferdig med Pulp, som er den siste boka han skreiv, men her har eg mista tråden litt, og er usikker på om eg likte ho.
MAI
I mai har eg byrja på mange, men eigentleg berre rukke å fullføre éi bok, og den har ikkje eingong eit cover, for det er Jon Michelet si internettbok Under the Blood Tree. Eg las ho faktisk på mobiltelefonen min. Eg las også den første internettboka hans, Brev fra de troende, då den kom ut, og fann ho både interessant og underhaldande, så difor måtte eg også lese den nyaste, som faktisk er skriven på engelsk. Michelet innrømmer sjølv at det ikkje nett er klasse over språkføringa, men med litt korrekturlesing hadde det ikkje vorte så verst. Eg likte den første boka betre, men fullførte også nummer to rimeleg kjapt, så det må ha vore noko interessant der. Det er ei slags sjølvbiografisk dokumentarhistorie. Faktisk nærast som ein blogg i bokform, om eg kan vera så frekk, med litterære linjer og tema. Eg sakna kanskje ei slags utvikling eller nokre meir vesentlege hendingar, men alt i alt var det verdt å lese.
0 Svar til “Boklogg, april/mai”