Kunst eller barneporno revisited

EG HAR DET SISTE ÅRET lagt merke til fleire saker der ærlege kunstfotografar får trøbbel med politiet som følge av publikum si heksejakt på pedofile. Siste sak i denne tradisjonen er kunstnaren Jim Henson som nyleg fekk utstillinga si stengt (avisartikkel). Eg er knapt den første som skriv om dette temaet, men eg tykkjer det er viktig.

EIT FOTOGRAFI teke av kunstnaren Nan Goldin, titulert «Klara and Edda Belly-Dancing», vart i fjor beslaglagt av politiet på ei utstilling. Truleg fekk biletet mykje merksemd av di det er Sir Elton John som eig det. Fotografen Amy Stein skreiv om saka på sin blogg. På norsk skriv bloggar Mihoe om saka (her kan du også sjå biletet), og ho nevner i tillegg den ikkje ukjende Sally Mann som eit døme på liknande kontroversielle fotografar. Eit anna døme, også skrive om av Mihoe, er Jock Sturges, som nyleg var i det same søkelyset.

PÅ EIT DISKUSJONSFORUM for gatefotografar (gatelivets dokumentarfotografar) skriv ein kar om korleis bekymra foreldre sjølv etter at dei hadde snakka med fotografen hang opp stigmatiserande plakatar om han i nabolaget. Og her er det jo snakk om fullt påkledde barn og vaksne i offentlege rom. Eg må trekke ein parallell til norske skular og barnehagar, der det også er paranoide tilstandar rundt fotografering — sjølvsagt påverkar det foreldra sine haldningar når kvart born må ha løyve med seg for å verta fotografert og kan velje korvidt avisa kan nytte biletet på nett og/eller i papirutgåva.

EIN ARTIKKEL eg las for ei tid attende nytta eit amerikansk kunstfotografi frå 1950-talet av ei naken jente (fotografert direkte ovanfrå, liggande på rygg i skogbunnen) som døme på korleis konnotasjonane våre rundt slike motiv har endra seg dei siste åra (tips meg gjerne om artikkel/bilete, for eg har ikkje vore i stand til å finne det att). Medieeksplosjonen er ein forutsetnad for spreiinga av slik frykt — Internett er det store monsteret. Som ei meir konkret skyteskive for desse frustrasjonane finn vi eit enkelt kunstverk som heng i eit galleri.

KUNSTDEBATTEN ER ALLTID den same: er dette kunst eller barneporno? Ein gjengangar er spørsmålet om kvifor ein i det heile tatt treng å ta eit slikt bilete. Det som er interessant er at dei som seier dette åpenbart meinar at samtidskunst skal vera noko anna, utan at dei heilt veit kva, eller korvidt dei nokon gong har sett det.

DEBATTEN FOREGÅR totalt utanfor verkets opprinnelege samanheng. Dette vil seie at ein diskuterer korvidt eit kunstverk, etter at det er gjengitt i media som kontroversielt, er kunst i sin opprinnelege samanheng. Forslag til definisjon:

«Dersom folk flest bryr seg med å diskutere korvidt noko er kunst eller ikkje — ja, så er det kunst»

DET DREIER SEG berre om to ulike kunstverk. Verk A1 heng i galleriet og har eit relativt lite publikum, medan verk A2 får eit liv i media med eit større publikum, og her ser ein det gjerne alltid med «barnepornobrillene» på. Det faktum at slike saker får stor merksemd i media kan fort føre med seg ein medieskapt røyndom der slike ting framstår som meir kontroversielle enn dei eigentleg er. Slik går ein fram for å byggje kollektiv paranoia. Dette påverkar folk flest på ein slik måte at amerikanske fotolabbar får kundar som tar bilete av borna sine i badekaret arrestert. Kven er det eigentleg som er dei perverse her?

6 Svar til “Kunst eller barneporno revisited”


  1. 1 Vegard 23. mai, 2008 at 11:05

    Fint skrevet. Jeg synes det er trist at Dagbladet, “kulturavisen”, lager slike tabloide oppslag som de gjorde omkring Sturges bilder. Jeg synes det er respektløst overfor den seriøse kunstfotografen Sturges. Redaksjonen i Dagbladet vet bedre, men de vet også at pedofrykt selger bedre enn kunst. Dessverre.

    • 2 kristine 25. mars, 2009 at 12:22

      For meg er det uforståelig at noen vil publisere bilder som risikerer å vekke syke ting i hodet på enkelte mennesker. Barna er helt uskyldige. Hvis det vekker lyster til å overgripe seg på barn, er det vel IKKE VERDT DET! Er det vanskeligere enn det? Er jeg naiv? Er det ikke så enkelt? Hvorfor vil man stille ut slike bilder?? Er ikke overgrep det mest grusomme et barn kan oppleve? Jeg finner disse diskusjonene bemerkelsesverdige.

      • 3 Mads 25. mars, 2009 at 12:34

        Personleg kan eg ikkje forstå at samfunnet skal hindre til dømes naturisten Sturges i å formidle sin kvardag gjennom kunstfotografi berre av di hans omgongskrins føretrekk å leve utan klede. Kva seier det ikkje om vår eigen kroppskultur at mange umiddelbart får seksuelle assosiasjonar til bildene hans?

  2. 4 kristine 25. mars, 2009 at 12:39

    Jeg ser på bildet igjen og blir veldig provoset! Dette er jo nødt til å få reaksjon hos feil folk! Hva er viktigst? Er barna viktige i det hele tatt? Hvis dette blir det normale i kunsten, er det jo nødt til å få konsekvenser some er uheldige. Overgripere blir selv ovegripere. Det er sykt hvis man ikke skjønner det. Hjelp! Denne verden trenger en doktor.

    • 5 Mads 25. mars, 2009 at 13:03

      Eg veit ikkje kva bilete du siktar til, men dersom du tenker på Nan Goldin-biletet, så er det jo i utgongspunktet eit ordinært snapshot av to barn som leikar. Eg skal ikkje uttale meg om den opprinnelege samanhengen, sidan eg enno ikkje har lese boka, men det som no er mest kunstnerisk vesentleg ved det er jo at det skapar perverse reaksjonar hjå vanlege folk, og ikkje nødvendigvis overgriparar.

      Vi alle har vel sett born som leikar med og utan klede, så kvifor er det brått eit tabu som fotografi? Eit fotografi får meining hjå den som ser på det, og eg trur ein skulle drege det langt for å påstå at det foregår noko seksuelt i situasjonen som er avbilda. Så dersom det oppstår seksuelle konnotasjonar skjer det i møtet mellom publikum og fotografiet, og kanskje særleg når det er teke ut av sin opprinnelege samanheng–då vil ein i mange tilfelle vera predisponert for å sjå etter dette.

      Eg meinar ikkje at fotografiet i seg sjølv er noko sjukdomsteikn ved samfunnet, så mykje som det kan vera at det peikar på andre teikn vi bør vera observante på.


  1. 1 Om å forstå eit kunstverk « God dag, verd! Trackback28. mai, 2008 at 11:07

Skriv et svar