Går planeten til helvete snart?

James Lovelock

Om J. Lovelock og Gaia-teorien:

NORGE OG STORBRITANNIA vil i følge James Lovelock vera mellom dei einaste bebuelege stadene i Europa ved utgongen av dette hundreåret. Dersom det blir så varmt at Golfstraumen kollapsar vil klimaendringane bli mindre her oppe — men resten av Europa vil vera ein aude ørken. Spørsmålet er ikkje kvar vi skal dyrke biodrivstoffet, men kvar vi skal dyrke maten.

«80% of humans will perish by 2100 AD, and this climate change will last 100,000 years»James Lovelock

The Revenge of GaiaLOVELOCK ER MANNEN BAK den framleis kontroversielle Gaia-teorien, som tidlegare har vorte kritisert av mellom andre Richard Dawkins (link). Han er også vitskapsmannen som først oppdaga problema med KFK-gassar i atmosfæra, og som då han i 1965 vart spurt om korleis verda ville vera i år 2000 forutsåg «(…) significant environmental changes affecting the planet». Det burde difor vera grunn til å ta mannen på alvor, og i forfjor kom han med boka «The Revenge of Gaia», som er nært ein slags dommedagsprofeti over menneskeheita.

«By 2040, parts of the Sahara desert will have moved into middle Europe. We are talking about Paris – as far north as Berlin» – James Lovelock

KVIFOR BYRJAR EUROPA no å byggje kolkraftverk? Rett nok meinar Lovelock at tida for bærekraftig utvikling er forbi, men det tyder ikkje at vi treng akselerere prosessen. Det er gale nok at folk i Kina og India opnar nye kolkraftverk kvar veke, men vi bør i alle høve bruke kjernekraft framfor kolkraft så lenge moglegheita fins — det faktum at kjernekraftverk ikkje produserer CO2 bør vera grunn god nok til å akseptere dei øvrige biproduktene. Vi kan uansett alt ha passert terskelen der vi har gjort oss avhengige av vår eigen teknologi for å halde klimaet stabilt*. Kjernekraft er dessutan ufarleg samanlikna med vasskraft. Dødelegheita per terrawatt-år for kjernekraft mellom 1970 og 1992 var 8. Til samanlikning er talet for kolkraft 342 og for vasskraft 883. (Lovelock:2006:131)

TRULEG ER VI INNE I ei av jorda sine naturlege klimareguleringar, men denne er muligens utløyst av menneskeleg aktivitet og vil akselerere som følge av positiv feedback. Til dømes vil oppvarming av havet medføre færre alger, noko som i sin tur frigjer meir karbon og fører til varmare hav. I likskap med ein populasjon av dyreartar som har utvikla seg gjennom gjensidig evolusjon vil bortfallet av eit ledd dra med seg eit anna.


Korleis positiv feedback fungerer i klimasamanheng

BIO-DRIVSTOFF ER ein annan meiningslaus idé. Ikkje berre av di vi alt no har problem med å dyrke nok mat til alle, men også at det ikkje kjem til å løyse noko CO2-problem — tvert imot. Det er ein pur politisk gimmick. Eit døme på eit lite gjennomtenkt argument for biobrensel er at ein kan lage det av landbruksavfall, men dette vil jo frigjere karbon som vanlegvis ville gått attende til jorda i form av gjødsel og/eller fór. Korleis skal ein uansett få produsert nok? Det enorme kulturlandskapet er i seg sjølv eit klimaproblem, sidan det som regel kunne vore stabil skog der i staden for korn.

I FØLGE GAIA-TEORIEN vert vekselverknadene mellom ishus (istid) og drivhus (no) foråsaka av mellombels samanbrot i jorda si evne til å regulere seg sjølv. Eitt argument frå «klimaskeptikarar» er at variasjonar i solstrålinga foråsakar mykje av klimaendringane, og dette er jo riktig. Sidan livet oppstod har solstrålinga auka i intensitet med omtrent 25% (sola strålar sterkare ettersom ho eldast). Dette tilsvarar ei aukning i jorda si overflatetemperatur på 20ºC (Lovelock:2006:80), men denne skilnaden ville gjort jorda til ein daud planet, som Mars — i staden er skilnaden mellom istid og notid er 4ºC. Sjølv om sola påverkar klimaet på jorda langsiktig (samt i ulike kortare fasar) er det sjølvregulerande faktorar i atmosfæra som styrer resultatet (ishus og drivhus). Dette er faktorar vi kan påverke. Det er uunngåeleg at klimaet vårt kollapsar når jorda snart går permanent over i eit varmare stadium, men vi vil helst ikkje at det skjer for tidleg.

* Menneskeskapte partiklar/aerosolar i atmosfæra avgrensar til ein viss grad sola si innstråling. Dersom vi stoppar alle utslepp må vi kompensere for dette slik at det ikkje brått skal bli varmare. (Lovelock:2006:72)

RELATERTE LENKER:

Skriv et svar