Fanga av Philip Glass

PHILIP GLASS SIN MUSIKK ofte er svært repetitiv og minimalistisk. Det er alltid dei mest repetitive og minimalistiske stykka eg likar best. Som tittelen antydar mister eg fort bakkekontakten under innverknad av denne musikken, og eg berre høyre han om att og om att, mange gonger. Det er liksom noko fullkome, noko som berre klistrar seg fast. Alt fell liksom automatisk saman og ordnar seg, som om det var den ultimate musikken. Men det må liksom *klikke* først.


Philip Glass — Fiolinkonsert (1.sats).
Videoen er laga av ein kar frå Edinburgh.

DET VAR FIOLINKONSERTEN hans som gjorde det. Eigentleg hadde eg vore ute etter ein annan fiolinkonsert, men Glass sin var tilfeldigvis på samme plata, så eg kom rett og slett berre i skade for å kjøpe han. Medan eg lytta på nevnte stykke sa det liksom plutseleg berre *klikk* og brått var eg inne i Philip Glass-musikken sitt univers. Alt vert mykje klårare. Det er som å ha passert ein avhengigheitsterskel. Eg trur kanskje det må vera litt som heroin, berre utan alle problema. Bortsett frå at Philip Glass-universet byrjar å ta over livet mitt, då. Eg får heller ikkje lytta på særleg mykje anna. Seinare har eg vore som besett av mellom anna Metamorphosis.


Philip Glass – Metamorphosis 2

2 Svar til “Fanga av Philip Glass”


  1. 1 Atle Grimsby 18. april, 2008 at 17:22

    Heisann!
    Helt enig: Philip Glass er helt genial. Men eg må innrømme at jeg liker best det litt mer sære materialet som finnes på Glasswork. Einstin on the Beach er et mesterligt stykke:
    http://www.youtube.com/watch?v=WmX_GgozpQs
    mvh
    Atle, Utsira

  2. 2 Mads 18. april, 2008 at 18:12

    Det har du absolutt rett i. Eg har også sansen for dei meir ukonvensjonelle stykka hans, men noko av det eg likar med mellom anna fiolinkonserten er korleis han møter den tradisjonelle sjangeren med nye verktøy. Eit fantastisk behageleg driv.


Skriv et svar