Når sjølvmord blir framsidestoff

ALLE RELIGIONAR er funderte på argumentum ad populumdersom mange nok trur på idéane deira, så verkar dei mindre latterlege. Ei direkte følge av dette er at organisasjonen spre vrangførestellingane sine til andre menneske slik at dei sjølve ikkje skal framstå som psykotiske. Dei sektene som får dette til å fungere blir religionar. Det verkar kanskje arrogant å seie det slik, men så lenge vi seier det om Scientologikyrkja, så er det greit.

KAN SEKTER med for tullete doktriner aldri bli religionar? Der dei store religionane er for etablerte til å kunne sjåast på nøytralt grunnlag peikar mellom andre den nevnte Scientologikyrkja seg ut som eit høveleg prov på det motsette. I likskap med Mormonismen er det ein nyleg konstruert religion, og det er ganske bisarre greier. Truleg overdriv dei ein god del når dei seier kor mange medlemmer dei har, men det er liten grunn til å tru at det skulle svekke smitteeffekta — tvert imot. Den typen menneske dette viruset bit på sluker slikt rått.

VANLEGVIS ER IKKJE SJØLVMORD nyheitsstoff, og i alle høve er ikkje enkelttilfelle framsidestoff, slik det var på Dagbladet og VG i dag. Berre temaet i seg sjølv er så tabubelagt at pressa ikkje tar i det med ildtang. Med mindre ein offentleg person er involvert og det fins ein årsakssamanheng (jfr. Tønne-saka).

«Ville vært i live i dag hvis hun ikke hadde gått til scientologene» (Dagbladet 15.04.2008)

SJØLV OM SCIENTOLOGIKYRKJA er ein organisasjon som vert skulda for å ta livet av folk, så er ikkje personlegheitstesten deira direkte årsak til at folk tar livet av seg. Å presentere denne samanhengen er i beste fall dårleg kommunikasjon, men avisene veit sjølvsagt godt korleis folk flest vil oppfatte det. Det er ganske hårreisande retorikk.

EG ER DESSUTAN OVERRASKA over at søksmål i det heile tatt kjem på tale: «Det kan bli aktuelt å saksøke scientologkirken, sier Serradj til Dagbladet». Rett nok er det eit sitat, men samen med resten av artikkelen antydar det at det er snakk om skuld — noko det heilt åpenbart ikkje burde vera. Er det dessutan noko Scientologar har, så er det pengar og advokatar — tynne søksmål og løgnaktige påstandar vil berre gjera dei sterkare. Riktig informasjon er det som trengs for å stoppe nye medlemmer.

DET ER IKKJE LENGE sidan Dagbladet trykte ein større magasinartikkel om Scientologi, og mannen som driv den kritiske sida Operation Clambake. Dersom noko godt kjem ut av det er det meir merksemd til arbeidet hans. Det er for seint å protestere dersom Scientologane no påtar seg offerrolla og «blir snille» før folk flest får greie på kor mykje faenskap dei held på med.

NYTT 17.04.08: I dag kom kritikken: «-Dette går over alle støvleskaft» (Dagbladet)

13 Svar til “Når sjølvmord blir framsidestoff”


  1. 1 Andrea 16. april, 2008 at 21:02

    Nora! Akkurat som jeg ikke vet hva som var årsaken til selvmordet,er det ingen grunnlag for deg å si hva som er bakgrunnen til at jeg sier det jeg gjør. Jeg tror det er mange av oss som roter i kjelleren,uten at vi bruker det som en enerett til å uttale oss på en slik suveren måte som du gjør nå…
    Når det gjelder vær varsom plakaten og smitteeffekten,bruker jeg samme argument som jeg hadde sist:jeg tror ikke det er slik at det er en faktor som får et menneske til å ta en slik beslutning. Jeg berømmer familien som vil snakke åpent om dette. Dette er ikke avisspekulasjoner,men gjort i samråd med en familie som ønsker debatt. Og det er ALDRI galt å snakke om tabubelagte områder. Det er vel heller slik at man kan tie ihjel problemer. Jeg er vel litt enig i at man kunne snakket på et genrellt grunlag og holdt navn og bilde hemmelig. Men dette er familiens sorgarbeid,og hvem er vel vi til å si ha som er rett eller gal måte å gjøre det på?

  2. 2 Peter 18. april, 2008 at 18:01

    En liten kommentar til mitt standpunkt om åpenhet om selvmord i media: Det er altså forskjell på å klippe neglene og kappe av seg armen. Dagbladet og VG sine reportasjer er virker ufølsomme og lite hensiktsmessige. Men hva annet kan man vente fra den kanten.


  1. 1 The Code Of Silence » Når mediene går for langt Trackback18. april, 2008 at 13:40

Skriv et svar