Eit kunsthistorisk essay i sju deler.
1. Innleiing | 2. Fornuft og natur | 3. Estetikk eller nytteverd | 4. Utviklingsoptimisme | 5. Kven er best? | 6. Kven definerte? | 7. Så kva var det?
KVA ER (NYTT I) RENESSANSEN SITT KUNSTSYN? For å avslutte med å greie ut om kva det er som gjer renessansen til renessansen må eg ta tak i noko av det eg no har diskutert. Det er altså to ting som generelt går att når det gjeld å definere renessansen i høve til mellomalderen innanfor biletkunsten, og både stammar frå vitskaplege framsteg som vart gjort på denne tida: perspektivet og dei vitskaplege anatomistudiene til Leonardo. Studiene av anatomi legg grunnlaget for ein ny måte å sjå på målarkunsten, og heng truleg saman med antikke tankar frå Platon si tid; ein må bak naturen og inn i idéane for å få ekte innsikt. Dermed går Leonardo inn i kroppen, bak det som kan sjåast, for å kunne skildre han på ein genuin måte gjennom måleriet.
DET VAR FOR ØVRIG HELLER ikkje tilfelle at perspektivet kom med ein gong teorien om det dukka opp – ein hadde eit visst omgrep om at ting som var langt borte var mindre enn nære ting, og liknande, så tilløp til perspektiv i mellomalderkunsten kan ein nok finna, men i alle fall er det den store oppdaginga av at biletkunsten kan gjengi verda på ein mykje meir realistisk måte enn det som hadde vore tilfelle tidlegare som er det store framsteget. Det er også dette som formar heile den prosessen som renessansen etter kvart blir, med tanke på konkurransen om å få til det mest realistiske uttrykket. Ein kan sjå prosessen mot maksimal realisme som drivkrafta bak utviklinga av desse nye verkemidla.
BÅDE PERSPEKTIV OG ANATOMISK INNSIKT er først og fremst vitskaplege framsteg, men dei vart gjort av biletkunstnarar og teoretikarar. Dermed er det ikkje naudsynt renessansen sitt kunstsyn som formar kunsten, men kanskje like mykje renessansekunsten som formar viskapen, samfunnet og heile den nye tverrfaglegheita innafor humanismen. Leonardo såg jo også på målarkunsten som ein vitskap. Tankane om at kunstnaren må kunne så mange ulike ting gjer at til dømes kunstnarar som Leonardo da Vinci overgår vitskaplege ekspertane i fleire ulike fagfelt. Kunsten i seg sjølv er dermed openbart ei sterk drivkraft på samfunnet for øvrig, og det oppstår truleg ein vekselverknad mellom kunst og andre samfunnskrefter som dreg veksler på kvarandre sine røynsler innafor dei nye måtane å sjå ting på.
EIN KAN STUDERE RENESSANSEN frå mange ulike vinklar, og det dukkar opp både motsetnader og fellestrekk mellom ulike deler av den same epoken — som ved eikvar historisk epoke. Å skjera renessansen sitt kunstsyn over ein kam vil difor vera ei litt for grov generalisering, noko som også er grunnen til at ein må vektlegge dei delene som er mest typiske for renessansisk tenkemåte. Det som er nytt ved renessansen sitt syn på kunst må altså naudsynt tilsvare kun det som er særeige med perioden sitt kunstsyn, men det er eit svært nyansert spørsmål å besvare. Ein må i så fall utelukke all lineær utvikling og legge vekta på dei enkelte, store framstega, dersom ein tillet at ting vert sett på som enkeltståande framsteg – dette er jo også noko eg diskuterer. Det som i så fall vert viktig er korleis det maleriske perspektivet endra samtida sitt kunstsyn direkte, som er noko av det eg hovudsakleg har bygd mine drøftingar på. Men det må vera klart at oppfinninga av perspektivet samstundes var resultatet av ein målretta prosess som starta mykje tidlegare, og denne forma for analyse kan aldri verta meir enn eit konseptuelt verktøy.
EIN SER AT MÅLERIET DEFINITIVT vert viktigare i overgongen frå mellomalderen til renessansen, og i renessansen var det truleg den mest sentrale kunstforma. Dei viktigaste teoretiske framstega angår i størst grad måleriet, og det er truleg også grunnen til at det vart så viktig. Perspektivbruken i måleriet var med på å forme heile den vestlege biletkulturen i samtid og ettertid, og kan samanliknast med oppdaginga av fotografiet i kulturell innverknadskraft.
–
0 Svar til “Kva var nytt i renessansen sitt kunstsyn? 7/7”