Eksperimentell svartmetall

I DET SISTE HAR EG vorte begeistra for to europeiske ekstremmetallgrupper som eg tykkjer fortener å bli framheva. Mange grupper nyttar black metal som eit element i ganske eklektisk musikk, som til dømes Dog Fashion Disco, Fantômas, Mr. Bungle eller Diablo Swing Orchestra — men eg har hatt problem med å finne nokon som vidareutviklar eit meir reindyrka svartmetalluttrykk på den måten som desse to gruppene gjer det. Det var verdt å leite litt, så dersom det er andre som har eit godt øyre til eksperimentell metallmusikk kan eg trygt anbefale desse:

  • The Ruins of Beverast er eit soloprosjekt av ein tyskar som heiter Alexander von Meilenwald. Det finst to plater: Unlock the Shrine (2006) og Rain Upon the Impure (2007). Høyr Euphoria When the Bombs Fell frå den første plata! Den enkle kontrasta som vert nytta i siste del av denne melodien er ubeskriveleg fin.
  • Blut aus Nord er ei fransk gruppe som er noko eldre og litt meir populære. Dei har ei ganske ubrukeleg nettside, så eg anbefalar Wikipedia-artikkelen. Ein kan ellers prøvelytte nokre utdrag her. Musikken deira har dei siste åra gått frå konvensjonell black metal til meir avantgardistisk ekstremmetall. Eg har foreløpig hørt mest på The Work Which Transforms God (2003), som eg er svært begeistra for, men dei to nyaste platene lyd også svært spanande.

Skriv et svar