Boklogg: The God Delusion

The God DelusionEG HELD FRAM med å plukke ut noko bra eg har lese kvar månad (sjå januar + februar). Denne månaden vert det nok Richard Dawkins, til trass for knallhard konkurranse frå mellom anna Njålssoga.

EG ER I utgongspunktet rabiat antiteist, men eg starta likevel å lese The God Delusion med eit litt kritisk blikk, sidan eg hadde hørt så mange ulike ting om boka. Dei brillene la eg etter kvart til sides, for dette er ei svært velskrive, underhaldande og innhaldsrik bok, som vert betre og betre heile vegen. Eg har hørt og lest Dawkins om religion tidlegare, men det er noko heilt anna å få alle samanhengane presentert i bokform. I tillegg er det ein ny seksjon for denne paperbackversjonen der Dawkins svarar på ein del av kritikken som er kome i etterkant av boka.

Michel Onfray VERD Å FÅ MED SEG: NRK snakka nyleg med Dawkins i Bokprogrammet: Befri oss fra Gud (NRK Nett-TV, 25.03.08). Her snakkar dei også med den franske filosofen Michel Onfray, som eg enno har til gode å lese boka av (Vi trenger ikke gud: en håndbok i ateologi). Eg møtte han imidlertid då eg var på foredraget hans i Bergen i fjor, og fotograferte han saman med eit stearinlys.

EIN ANNAN ATEIST det kan vera verd å få med seg er Christopher Hitchens. Han er verkeleg ein herleg arrogant jævel, og ein ganske briljant og uslåeleg debattant. Eg las denne månaden også hans bok, God Is Not Great: How Religion Poisons Everything. Veldig interessant, og Hitchens er kanskje meir politisk og skremmande enn Dawkins, i tillegg til at han truleg også har ei større forakt for verdsreligionane. På toppen av det heile har han ein bror som er konservativ kristen. Det kan heilt sikkert vera interessant å få med seg duellen mellom dei to brørne (video-trailer), som går føre seg 3. april:

Brothers Christopher and Peter Hitchens, both journalists and authors, couldn’t be more different and are bitterly divided. A friend to both said, “one is a conservative, traditionalist, church-going Anglican; the other a liberal, louche, drinking-and-smoking atheist.” The brothers, throughout a long estrangement and recent reconciliation, have clashed in print on many issues.

TIL SLUTT eit par anbefalte linkar:

Skriv et svar