TRÅDLAUS-HYSTERIET som Eirik Newth påpeiker (les også kommentarane) på ein kronikk i aftenposten, Hodeløst trådløst (29.03.08 ), gjorde meg litt nyfiken på temaet, for eg trudde desse menneska, inkludert Gro Harlem Brundtland (!), berre var innbilt sjuke. Dersom ein ser i kommentarfeltet under kronikken er det lett å sjå at mange snarare reagerer med panikk enn tankeverksemd. Dei få som kjem på tanken om å lese kva til dømes Wikipedia har å sei om saka vil kanskje finne artikkelen om electrical sensitivity eller wireless electronic devices and health. Eit eller anna må det jo vera som feilar desse menneska, men spør du meg verkar det som om det dreier seg om ein fobi eller som nevnt ei psykosomatisk liding, altså ei i utgongspunktet psykisk liding med fysiske symptom.

« A systematic review was published in 2005 which looked at the results of 31 experiments testing the role of electromagnetic fields in causing ES. Each of these experiments exposed people who reported ES to genuine and sham electromagnetic fields under single- or double-blind conditions [1]. The review concluded that “The symptoms described by ‘electromagnetic hypersensitivity’ sufferers can be severe and are sometimes disabling. However, it has proved difficult to show under blind conditions that exposure to electromagnetic fields can trigger these symptoms. This suggests that ‘electromagnetic hypersensitivity’ is unrelated to the presence of electromagnetic fields, although more research into this phenomenon is required.” Since then, several more double-blind experiments have been published [13][14][15], each of which has suggested that people who report electrosensitivity are unable to detect the presence of electromagnetic fields and are as likely to report ill health following a fake or nocebo exposure as following exposure to genuine electromagnetic fields. Some have criticised this study,[16] however the early objections were soon addressed and the evidence from provocation studies shows that electromagnetic fields “do not cause the symptoms”.[17] » [Wikipedia]

DETTE NEKTAR uansett «dei truande» å ta til seg, og argumenterer med at forskinga er fiksa av «trådlaus-bransjen». Dette ville jo vore ein sensasjonell konspirasjon, men noko argumentasjon for det fins jo ikkje. Sjølvsagt gjer det ikkje det, idéen har jo ingen annan funksjon enn å devaluere forskninga, slik at dei el-sensitive framleis skal kunne sei at det ikkje fins prov. Eit kjent og velanvendt argument på fleire område, men det blir ikkje sterkare av den grunn. I kommentarane under den nevnte kronikken ser eg fleire sjølvutnevnte alternativbehandlarar, healerar og andre typar kvakksalvarar som hevdar at dei har fått resultat med å behandle denne lidinga. Sjølvsagt! Det er jo midt i blinken: ein innbilt kur mot ein innbilt sjukdom.

EG ARBEIDER hjå ein større nettleverandør og kjem i ny og ne borti kundar som er bekymra over trådlause nettverk. Det eg seier til dei er gjerne noko slikt som står om trådlause nettverk her:

« All the expert reviews done here and abroad indicate that there is unlikely to be a health risk from wireless networks. … When we have conducted measurements in schools, typical exposures from Wi-Fi are around 20 millionths of the international guideline levels of exposure to radiation. As a comparison, a child on a mobile phone receives up to 50 per cent of guideline levels. So a year sitting in a classroom near a wireless network is roughly equivalent to 20 minutes on a mobile. If Wi-Fi should be taken out of schools, then the mobile phone network should be shut down, too—and FM radio and TV, as the strength of their signals is similar to that from Wi-Fi in classrooms.[7] » [Wikipedia]

DERSOM DU BLIR VARM på øyret når du pratar i mobiltelefon, er det av di telefonen grillar øyret ditt med mikrobølger, eller er det av di telefonen blokkerer kroppsvarmen («auraen») frå øyret ditt?

PS: Sunn skepsis er på sin plass. Ikkje høyr på meg, men sjekk referansane sjølv.