DAGEN ETTER at eg var på Borealisfestivalen og såg Patton/Carstensen kjøpte eg siste innspelinga til Farmers Market (Carstensen sitt band), Surfin’ USSR, og vart positivt overraska. Her fann eg også fleire koplingar til annan musikk som eg kjende til, dersom ein held coverlåter (Ferry ‘cross the Mersey) og direkte referansar utanom.
FARMERS MARKET har spelt saman med Estradasphere — banda er i nært musikalsk slektskap og deler ein like ellevill karakter. Utan nokon annan grunn enn at musikken liknar minner både band meg også om musikken i filmane til Emir Kusturica, der eg tilfeldigvis såg Svart katt, hvit katt i går. Estradasphere har ellers spelt saman med Secret Chiefs 3, som igjen er eit band Patton har jobba med, faktisk er det det same som Mr. Bungle, minus Patton sjølv. Patton er også tydeleg inspirert av saksofonisten John Zorn og gruppa Naked City, der han sjølv var vokalist.
Estradasphere med Farmers Market
EIN STAD NEVNTE eg også at Patton/Carstensen spelte Super Mario-melodien under konserten. Som ein kuriositet i høve til dette kom eg nyleg over artig Super Mario-musikk i form av sporet Cloud Land frå Estradasphere sitt album It’s Understood.
Estradasphere og Secret Chiefs 3
Om du ikkje har vore på konsert med Farmer’s market enno, anbefaler eg deg å gripa sjansen (som du for øvrig hadde under Vossa Jazz i aor…). Såg og Carstensen i lag med Per Arne Glorvigen på festspela i fjor, det var ein av dei beste konsertane eg har vore på. Og, hepp:
http://www.fib.no/ticketno/display.aspx?menuid=831&prodid=231
:D
Takk for tips! Dette må sjåast.
Mads, kor vanskeleg er det å lera seg saksofon når du har inga som helst erfaring med blåseintrument?
Dette hadde kanskje ingenting med innlegget å gjera.
Ketil: Vel, musikken er i det minste saksofonrelevant. ;-) Fingringa er grei, det er bra tone som tar tid, og ein treng ein god lærar.