Eit kunsthistorisk essay (UiB ‘06), tilpassa web — kjem dryppvis, i sju deler.
1. Innleiing | 2. Fornuft og natur | 3. Estetikk eller nytteverdi | 4. Utviklingsoptimisme | 5. Kven er best? | 6. Kven definerte? | 7. Så kva var det?
EG VIL HER BELYSE dei mest essensielle idéane som skil den italienske renessansen som epoke frå mellomalderen, særskilt når det gjeld synet på målarkunsten. Kvifor eg vel å hovudsakleg vektlegge målarkunsten skal eg koma attende til. Det er imidlertid nokre problem ein må forhalde seg til dersom ein skal finne fram til kva som er det nye med renessansen sitt biletsyn.
DØYANDE MELLOMALDER? Ein må ta med i betraktinga at det ikkje eksisterer nokon klar definisjon på når renessansen starta og mellomalderen slutta, til og med når vi avgrensar oss til Italia er det svært uklart. Enkelte kan meine at diktaren Dante Alighieri (1265-1321) var av dei første kunstnarar som tenkte på renessansisk vis, medan andre har foreslått at Konstantinopels fall i 1453 kan vera ei gunstig skillelinje. Det er i alle fall snakk om svært ulike område av menneskeleg aktivitet, og ein må rekne med ein overgong mellom to slike epokar som ein svært nyansert periode i seg sjølv — der både kunst, vitskap og politikk utøver gjensidig innverknad på kvarandre.
« Forholdet mellom den oppblomstrende humanismen og middelalderens døende ånd er mye mer innviklet enn vi vanligvis forestiller oss. For oss (…) synes det som om mottageligheten overfor antikkens evige ungdom og fornektelsen av hele det forslitte apparat som utgjorde middelalderens tankesystem må ha kommet som en åpenbaring (…) Men slik er det ikke. » (Huizinga:403)
FRÅ HUIZINGA sine betraktingar forstår vi i bunn og grunn at kimen i ei slik omvelting er uvanleg mange relativt omfattande endringar som skjer på kort tid, utan at desse endringane naudsynt har like stor eller umiddelbar innverknad på alt og alle. Korleis ein definerer ein historisk epoke er for øvrig eit omdiskutert tema, som eg ikkje skal gå vidare inn på enn at eg i høve til kva eg har lese om temaet har vald ein modell som passar mitt føremål; å undersøke dei mest grunnleggande kunstrelaterte samfunnsendringane for å belyse kva som eigentleg er det nye i den italienske renessansen sin målarkunst.
RENESSANSEN STARTA truleg med ei gjenoppdaging av antikke tekstar, som førte til ei fornya interesse for antikken. Ut frå dette kjem humanismen:
HUMANISME ER ALTSÅ eit omgrep som passar mange av dei nye idéane som kjem i den aktuelle epoken, og det er difor viktig å vera merksam på korleis humanistiske tankar endra det gjeldande kunstsynet i samfunnet. Det er imidlertid svært vanskeleg å kople humanismen direkte til effekter han kan ha hatt på kunsten, særleg sidan det har vist seg å vera eit omgrep som er svært vanskeleg å definere ut frå ei samling konkrete teoriar (Williams:66), noko det også har til felles med renessansen for øvrig.
LORENZO GHIBERTI (1378-1455) var ein tidleg humanist som kan seiast å ha sett ein standard for humanismen i si samtid og ettertid. Han var oppteken av antikken, og tok idear frå mellom andre Vitruvius – til dømes at ein arkitekt må vera kjend med mange ulike kunnskapsgreiner (Blunt:51), noko han sjølv praktiserte. Det tverrfaglege geniet Leonardo da Vinci (1452-1519) vart ein av hans mange andsarvingar på dette området (Williams:65). Ein kan nok seie at denne tverrfaglege orienteringa var eit sentralt trekk ved tidas nye tenkemåte.
RENESSANSEN SOM PROSESS ELLER EPOKE? Nokre gonger vil det vera tilstrekkeleg å omtale renessansen som epoke, men i tilfellet vil det truleg vera mest naturleg å sjå han som ein prosess – av to hovudårsaker:
1. Det kan synast uråd å definere renessansen ved hjelp av tid.
2. Når ein er ute etter kva som er nytt med renessansen sitt syn på kunst er det implisitt i spørsmålet, og mi tolking av det, at samtida sitt syn ikkje er interessant; i starten av renessansen – då idéane eg her er interessert i var nye – var samfunnet naudsynt av hovudsakleg mellomaldersk karakter.
KUNST OG VITSKAP hang så tett saman på denne tida, noko eg skal koma attende til, at det nesten vil vera meiningslaust å operere med så adskilte område av renessansen at ein kan definere perioden innanfor målarkunsten i høve til den øvrige renessansen, anten det no måtte vera politikk, religion eller teknologisk utvikling. Det er viktige grunntrekk ved renessansen som nærast krever at ein ser på han som ein heilheitleg prosess, i tillegg tyder ting på at ein her kan vera tent med å stort sett omgå høgrenessansen:
DET ER ALTSÅ I STARTEN av renessansen dei viktige idéane vert handtert teoretisk, og dermed kan den øvrige delen av perioden sjåast kun som ei foredling av nyerverva teori – i alle fall i ein forenkla modell. Renessansen som epoke inneheldt sjølvsagt sine motsetnader og diskusjonar, men når ein seier at det var lite eller ingen diskusjon, så kan det ikkje ha vore meir enn normalt. Eit slikt syn kjem sjølvsagt også an på kva perspektiv ein nyttar; Michelangelo gjennomgjekk til dømes eit vesentleg stilskifte i løpet av karrieren sin. (Blunt:76)
–
Blunt, Anthony (1962) Artistic theory in Italy 1450-1600 s. 1-103, Oxford Press
Eco, Umberto (1986) Art and beauty in the middle ages, Yale University Press
Huizinga, Johan (1919, 2004) Middelalderens Høst, Aschehoug
Williams, Robert (2004) Art theory – an historical introduction, Blackwell Publishing
6 Svar til “Kva var nytt i renessansen sitt kunstsyn? 1/7”