Musikalske perler og kuriositeter

Mine 3 sist spelte sporNYLEG SKREIV eg ein kort post om Last.fm, men den handla eigentleg berre om statistikk og grafikk. Det som verkeleg er interessant er jo korleis ein kan finne ny musikk der.

«Last.fm is a UK-based internet radio and music community website (…) Users can create custom radio stations and playlists from any of the audio tracks in Last.fm’s music library, and are able to listen to some individual tracks on demand, or download tracks if the rightsholder has previously authorised it.» (Wikipedia)

DET ER IKKJE BERRE radiofunksjonaliteten som er bra, men på stadig fleire artistar kan ein no også lytte til og laste ned enkeltspor, eventuelt legge dei til i ei speleliste. Kva artistar som er tilgjengelege med fulle spor for nedlasting kan ein sjå på avspelings-symbolet deira, som er mørkare enn normalt. Gratisspor dukkar opp på stadig fleire artistar, og det fins også ei liste over dei mest populære gratisspora. Her er nokre døme på kjende og ukjende artistar som har gratisspor tilgjengelege i augneblinken:

  • Bugotak — Dersom du vil høyre Come Together (Beatles) med munnharpe og mongolsk strupesong er dette gruppa for deg (eg tykkjer eg høyrer nokre hestevrinsk i bakgrunnen). Fleire andre drøye coverlåter er lagt ut, til dømes House of the Rising Sun, og Nothing Else Matters. Eg trur faktisk dei spelar fløyte med fuzzpedal på sistnevnte.
  • Fredrik Mellquist Trio — Dersom du vil ha noko frå vår eiga side av kloden er dette veldig bra skandinavisk jazz med mange spor tilgjengeleg. Befinn seg litt i same landskapet som Jan Johansson.
  • John Cage — Ein ikkje heilt ukjend komponist her. Anbefalar det sublime stykket In A Landscape: for solo piano
  • Dødheimsgard — Desse spelar ei form for vidareutvikla black metal og har mange spor tilgjengeleg.
  • Krzysztof Penderecki — Eg er veldig svak for kormusikken til Penderecki og Ligeti. Høyr til dømes Irmos. Det er nærast som å høyre stemmer i sitt eige hovud, som om nokon ropar til deg. Schizofren musikk. Fantastisk.

[OPPDATERINGAR]

0 Svar til “Musikalske perler og kuriositeter”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar