Fotografert på Borealisfestivalen (Patton/Carstensen)


Stian Carstensen, Logen (trekkspel)

Å FOTOGRAFERE samtidsmusikk er vel kanskje endå meir umogleg enn å fotografere konvensjonell musikk, men ein må jo forsøke. Ein kjem ikkje unna at eit trekkspel i norsk samanheng har ei sterk signaleffekt av gammaldans, men det må jo gjerast noko med, for det er eit fantastisk allsidig instrument. Passing Images (2007) med Frode Haltli og Maja Ratkje er eit døme som minna meg litt om Carstensen sitt spel. Det var imidlertid meir galskap og humor hjå sistnevnte i dette tilfellet. Munnbruken til Ratjke på sistnevnte plate minner meg for øvrig også litt om munnbruken til Patton generelt.


Stian Carstensen, Logen (banjo)

MIKE PATTON har eg lenge vore begeistra for, mellom anna Fantômas, og der kanskje særleg Delirium Cordia (2004). Stian Carstensen hadde eg ikkje vore så mykje borti tidlegare, men han er altså også ein fenomenal musikar, og det var ein fantastisk konsert.

Eit uavgrensa utval av grimaser og diverse andletsuttrykk hadde han også i repertoaret, og sjeldan har eg sett slik musikalsk innleving. Mine forsøk på gjengjeving bleiknar i høve til røynda.

Stian Carstensen, Logen (slide-gitar)


Patton på hogget


Patton og Carstensen drikk akevitt

HEILT TIL SLUTT kom dei ut att og skålte i akevitt. Patton såg litt skeptisk ut, men det gjekk ned.

(Her er forresten ein annan bra konsert eg har fotografert.)

3 Svar til “Fotografert på Borealisfestivalen (Patton/Carstensen)”


  1. 1 Jokke 29. februar, 2008 at 15:42

    Der skulle jeg veldig gjerne ha vært…
    Kjempe misunnelig.

  2. 2 Mads 29. februar, 2008 at 15:46

    Jau, det var eit absolutt høgdepunkt av ein konsert. Patton spelte forresten også i Oslo den 27.


  1. 1 Små Balkan-boogie-referansar « God dag, verd! Trackback25. mars, 2008 at 21:17

Skriv et svar