Korleis eg lærte (å hate) IT

(cc) Pink Ponk@flickr

(cc) Pink Ponk@flickr

FØR EG ENTRA tenåra hadde vi ikkje datamaskin heime. Den mest avanserte elektronikken var ei skrivemaskin som mor mi brukte. Denne hadde ei slags form for tekstbehandling «on-the-fly», der det kun var plass til ei setning av gongen. Denne måtte printast på arket etter kvart for å gi plass til nye bokstavar. Eit surrealistisk produkt, særleg med tanke på at dette var rundt midten av nittitalet.

DET TOK EI STUND, men etter kvart innsåg mor mi at det var skilnad på datamaskin og skrivemaskin. Eg trur kanskje ho hadde vore på eit kurs i EDB eller noko slikt. Jau, vi var kanskje seint ute — dei hadde jamvel PC med CD-ROMskulen. Det store der var å lese i det digitale leksikonet Encarta, rett frå CD. Helst artiklane om rockmusikk, som mellom anna var illustrerte med små videoar. Wow! Multimedia.

DÅ TOLLPOST-BILEN KOM med den nye PCen vår var eg difor veldig klar for å lære korleis dette vidunderet fungerte. Eg var heilt blank, og resten av familien var jamvel blankare, om mogleg. Eg trur det må ha vore flaks at far min klarte å montere lydkortet utan hammar. Riktignok var han hakket betre enn dei som trudde at CD-ROM tydde «eit rom som ein har CDar i», men det var berre såvidt. Avspeling av musikk gjekk forresten i vårt hus føre seg på kassett, så eg trur ikkje han visste kva CD stod for. Berre det at ho kunne spele musikk-CDar var dei første dagane nok til å gjera datamaskina til midtpunkt. Vi hadde imidlertid ingen CDar, så eg måtte invitere heim ein kamerat som hadde. Og så sat vi og lytta. Og la kabal.

MUSIKKFORRETNING var det ikkje, men vi hadde ein bensinstasjon der det var nokre få CDar. Utvalet var sjølvsagt ganske tannlaust, så min første CD vart The Eagles — Best of. Samlinga utvida seg seinare til to CDar då eg også fekk ein med Falsk/Mathiesen — kjøpt på ein annan bensinstasjon. Det heitte forresten CD, ikkje album. Det var heller ikkje så viktig kva som var på det, berre det var CD. Eg veit ikkje om dette er litt av sjarmen med å vekse opp på bygda eller om det var slik i byane óg. Det oppstod gjerne også litt forvirring rundt desse nye media. Til dømes budde det ein gammal mann ved bensinstasjonen — han hadde for stort gebiss, og snakka vanlegvis ikkje så mykje, men ein dag far min hadde handla noko vart han så ivrig at han klapra fram ein observant kommentar mellom laustennene. «Har du kjøpt deg CD?!», kom det briljerande frå mannen. Det far min då stod med i handa var ei slipeskive til vinkelsliparen.

SOM EIN SIKKERT skjønar var det lite i nærmiljøet som tyda på at datamaskiner var komne for å bli. Eg var fanga i eit digitalt vakuum, men likevel valde eg å investere litt arbeid i å lære teknologien, noko som ved hjelp av ein ekstremt kyndig nabo raskt ga resultat. Eg var blitt ein av dei få kyndige.

Hard drives
«Harddisko» av Valentina Vuksic (foto: meg)

DÅ EG FØRST var kome over den informasjonsteknologiske kneiken byrja nokre av oss å utveksle digitale «brev» og andre greier på diskett. Eg kan jamvel hugse at det vart kopiert eit program som opptok heile 17 diskettar. Demodiskettar som hadde fulgt med blad, magasin og liknande var også i omlaup — desse var fulle av alt mogleg du kunne få plass til på ein diskett. Det beste var imidlertid spaninga ved å utforske dei, for det var sjeldan ein fann noko som var verd å ha — noko som truleg også var grunnen til at dei heile tida vart gitt vidare.

DET KOM MEG OGSÅ i hende ein CD der ein kunne prøve Internett. Wow! tenkte eg. Internett! Det var jo sjølvsagt ikkje som Internett i det heile tatt — berre ein masse statiske websider på ein CD — men det visste jo ikkje eg, så eg vart ikkje skuffa. Før eg fekk prøve ekte internett. Riktignok på analogt modem, men likevel fascinerande. Eg kan jamvel hugse å ha vore borti BBS, ein slags forløpar for webben. Forferdelege greier, eigentleg.

NYE BEHOV OPPSTÅR IKKJE, dei vert skapa, og brått hadde mange fleire behov for IT. I kraft av å vera blant dei få som kunne med slike apparat vart eg stadig oftare kalla inn på teppet når noko gjekk gale i nærmiljøet. Vanlegvis har ikkje vi nordmenn kultur for å hjelpe kvarandre. Det var i alle høve det eg trudde. Eg såg for meg at vi var såpass asosiale at vi gjerne sat i dagevis åleine i hytta vår og strevde framfor å spørje naboen om hjelp.

SLIK ER DET IKKJE MED DATA. Her er det fritt fram for å tvinge gratishjelp ut av dei som kan det. Alle skal bruke det, men ingen skal kunne det. Eg trur aldri eg har møtt nokon som har lese brukarrettleiinga til si eiga datamaskin, endå det ofte er der det står kvar knappen som skrur på det trådlause nettverkskortet befinn seg. Eg er like stor trollmann kvar gong eg klarar å finne ut av det problemet, og det er like vanskeleg å forklare at det ikkje trengs trolldom for å slå opp i manualen, det er berre å prøve. Før ein får panikk. Det verkar faktisk som om folk flest ser på datamaskiner som trolldom. Det fører til at dei også ser på IT-kompetente menneske som trollmenn, og føresteller seg at vi kan med absolutt alt som har den minste relasjon til datamaskiner. No skal eg ikkje benekte at dei fleste datamaskiner spontanreparerer seg sjølv idet eg kjem inn i rommet, men det kjem av statisk elektrisitet og har ingenting med magi å gjere.

DET ER NESTEN så eg kan starte business på si med dette her, hadde det ikkje vore for at eg jobbar med det alt, og denne snyltinga er noko som skjer på fritida. Eg har alt ei halv stilling som støttekontakt for mennesker som ikkje kjem seg på nett, og skal eigentleg nytte resten av tida mi på andre prosjekt, men det kjem heile tida attende til dette her med IT. Mellom anna har eg ei søster som har magiske evner: i det ho spaserer inn i eit rom kollapsar alle datasystem spontant. Heldigvis er ho ikkje så ofte på vitjing hjå meg, men eg tør ikkje tenke på kva skader ho kan ha foråsaka i det enorme sosiale nettverket sitt. Frisørar som heie tida blir spurt om å klyppe folk, og legar som heile tida blir spurt om å sjå på føflekkar har min fulle sympati.

SÅ NO HATAR EG IT. Eg skal verta ein bitter einstøing og lukke meg inn i mi eiga verd og drikke kaffi og installere Linux på mobiltelefonar og utvikle relasjonsdatabasar over det gamle livet mitt i SQL. Og så skal eg late håret mitt gro og utvikle ein så intens kroppsodør at ingen vil ha hjelp av meg. Ingen.

7 Svar til “Korleis eg lærte (å hate) IT”


  1. 1 joakim 22. februar, 2008 at 11:54

    Veldig fin historie, Mads, eg e heilt enig. Bygdeperspektivet og nynorsken tar den te det neste nivået :)

  2. 2 Mads 22. februar, 2008 at 15:05

    Jau, takk. Det var godt å få det ut. Men etter å ha snakka med mange av Bergens breidbandskundar kan eg fortelle at folk ikkje er så mykje betre i byen. Eg skal ikkje blogge om jobben, men der hadde det vore mykje bra materiale.

  3. 3 Kent 23. februar, 2008 at 16:00

    det rare er atnå noe skjer på en datamaskin så blir normalt oppegående mennesker plutselig idioter som verken kan lese eller ta normale avgjørelser. jeg har ikke tall på hvor mange ganger folk har ringt meg og spurt meg om hva de skal trykke på, når det eneste valget de har er OK.

    Veldig bra skrevet.

  4. 4 ~SerendipityCat~ 23. februar, 2008 at 16:47

    Jeg skal ikke legge meg opp i hva du skal hate eller ikke, men jeg håper at du uansett bestemmer deg for å fortsette å blogge, for dette var fornøyelig og gjenkjennelig lesning :-)

    Takk for en god latter og ha en fin helg!

  5. 5 room217 23. februar, 2008 at 16:50

    Den livsleie telefonstemmen til datasupporten på jobben min kommer meg i hu etter å ha lest dette; “Har. Du. Forsøkt. Å. Restarte. Maskinen?”. Jeg kan også levende erindre min mors blanding av frykt og forbløffelse da jeg zoomet inn på huset hennes med Google Earth. Hun kikket litt bekymret ut av vinduet, opp på himmelen.

  6. 6 ole k 23. februar, 2008 at 19:11

    Ha,ha, genialt skrevet! Fant innlegget ditt via ~serendipityCat~, som anbefalte det. Kjenner igjen mye fra min egen digitale barndom. Ingenting var jo som å spille kabal på pc’n, noe min mor forøvrig fortsatt bruker en del tid på. Men tror nok jeg har stagnert der du har utviklet deg til å bli en IT-guru.. Happy helg!

  7. 7 Mads 24. februar, 2008 at 12:29

    Takkar for innspel, og god søndag!

    Kent: hehe, det der med “OK” har eg og merka.
    room217: kikka bekymra ut av vindauget .. eg må le ;-D


Skriv et svar