Kamerabruk i moderne skrekkfilm 7/7 – Avrunding

Eit essay i 7 delar:

1. Innleiing | 2. Filmane | 3. Point of view | 4. Halloween | 5. Steadicam | 6. The Shining | 7. Avrunding

FOR TIL SLUTT å gå litt inn på kamerabruken når det gjeld dei to ulike mordarane, så ser vi at dei vert filma på ulikt vis. Michael Myers ser vi aldri særleg tydeleg, han er i det meste av filmen nesten berre ein skugge utanfor biletet. På denne måten utnyttar Carpenter det mystiske rommet rundt biletet til å mystifisere sin mordar-figur, noko som har vore eit kjend verkemiddel innanfor skrekkfilmen i store deler av filmhistoria. Når det gjeld Jack Torrance, så vert han aldri forsøkt skjult av kameraet. Det er psyka hans som er skjult, og det er den som er «det skumle».

FOR Å FUNGERE ER SKREKKFILMEN nødd til å leike med kjenslene våre. Dette kan han sjølvsagt gjere på fleire område, både narrativt og uttrykksmessig. Når det gjeld den tekniske kamerabruken, så har eg lagt stor vekt på POV som eit viktig verkemiddel – dette av di det er mykje brukt og svært effektivt. Det er lite som får oss til å bli så absorbert i ein film som illusjonen av at vi sjølve deltek, og er involvert i handlinga. Det er noko intimt over denne måten å filme på i høve til «normal» kamerabruk, som gjer at vi lettare vert rivne med, i alle fall dersom ein stor del av filmen ikkje består av POV.

TIL Å STØTTE EIT POV når det gjeld realisme har eg nevnt den lange tagninga og kamerarørsle. Sistnevnte er gjerne viktig, av di rørsle får perspektivet til å leve på ei todimensjonal flate. Vi menneske har frå naturen si side to auger, og difor eit godt djupnesyn, så det at perspektivet endrar seg vil vera naturleg. Det er også gjerne viktig at brennvidda på linsa som ein nyttar i eit POV ligg veldig nært det som vil vera naturleg for eit menneske. Dette kan nok ikkje målast på heilt korrekt måte, for området der eit menneske ser skarpt er ikkje særleg målbart, og det er heller ikkje området eit menneske i det heile ser, men når vi ser på ein film ser vi heller aldri på heile biletet samstundes, så der gjer faktisk våre eigne auger sitt til at det kan bli ein meir realistisk «illusjon».

EIT VIKTIG KAMERATEKNISK skrekk-verkemiddel som eg nesten har hoppa over i denne analysa er zooming. Dette er mykje nytta av Kubrick, både i The Shining og hans andre filmar, men det er heilt klart eit urealistisk verkemiddel. Med det meinar eg at dette er noko auget vårt ikkje kan gjera. Likevel nyttar Kubrick dette verkemiddelet, som eg har nevnt, gjennom å zoome inn på eit blodig lik i eit POV-shot i The Shining – noko som kanskje er litt rart, men det fungerer. Zooming vert ellers nytta mot andleta til personar som ser ut av biletet – for å understreke deira traumatiske syn, eller psykologiske reaksjonar. Dette vert nytta på Danny når han «ser» tvillingjentene. Dette er for øvrig også mentalt POV. Eg ser generelt at Kubrick truleg nyttar mykje psykologisk POV i denne filmen. Noko som er med på å mystifisere det som blir sett, slik at det ikkje vert for platt og trivielt. Det er i tråd med teorien om at det er det mystiske som mest effektivt skapar skrekk.

FOR Å SKAPE SKREKK, eller for å forsterke skrekk-kjensla nyttar ein altså kameratekniske verkemiddel, som POV og rørsle på eit mest mogleg realistisk vis, samstundes som at ein ikkje direkte skildrar det skrekkelege for detaljert og empirisk, eller trivielt – då vil sjåaren kanskje miste interessa eller den riktige kjensla.

MEIR GENERELT ser det ut til at filmen si kameraføring, for at filmen skal vera i stand til å frambringe skrekk-kjensle hjå oss, må leike med kjenslene våre gjennom å adressere våre eigne, menneskelege former for persepsjon på ein truverdig, men kanskje helst litt uklår måte.

 

LITTERATURLISTE

  • Film Genre Reader III, 2003
  • Kristin Thompson/David Bordwell: Film History – An Introduction (int. ed. 2003)
  • David Bordwell/Kristin Thompson: Film Art – An Introduction (int. ed. 2004)
  • David Bordwell: Narration in the fiction film (1985)
  • Oxford Guide To Film Studies, The, 1998
  • Larsen/Hausken: Medievitenskap bind 2 – medier – tekstteori og tekstanalyse
  • Internet Movie Database: http://www.imdb.com


FIN

1 Svar til “Kamerabruk i moderne skrekkfilm 7/7 – Avrunding”



  1. 1 Kamerabruk i moderne skrekkfilm 1/7: Innleiing « God dag, verd! Trackback7. februar, 2008 at 23:53

Skriv et svar