EIN AV MINE FAVORITT-FILMSKAPARAR er Luis Buñuel (1908-1983). Surrealismen er den einaste store kunstretninga som har nytta film frå starten av, og den første surrealistiske kortfilmen, Ein andalusisk hund (1929), vart regissert av Buñuel sjølv med kunstnarleg assistanse frå Salvador Dalí. Seinare laga dei også den surrealistiske langfilmen Gullalderen.
(«Ein andalusisk hund». Andre del her.)
DEI FØRSTE TO surrealistiske filmane har eg sett fleire gonger, dei er jo store klassikarar, men Buñuel har skrive og regissert ytterlegare 29 langfilmar som ikkje blir særleg mykje sett i dag. Eg har sjølv ikkje på langt nær fått sett alle, men av dei eg til no har sett er favorittane:
- La Fantôme de la Liberté (1974)
- El Ángel exterminador (1962)
- Cet obscur objet du désir (1977)
- Viridiana (1961)
ETTER Å HA ARBEIDD med filmar i Spania og USA slo Buñuel seg ned i Mexico, der dei fleste filmane hans vart laga — gjerne på kort tid og lågt budsjett. Desse var gjerne meir kommersielle filmar med ei narrativ form som låg nærare den klassiske filmen. Dei surrealistiske verkemidla var dermed mindre dominerande enn i dei to første filmane, men dei var der — gjerne i form av draumesekvensar og liknande. Frå denne perioden vann han prisar, mellom anna i Cannes, for:
- Los Olvidados (1950)
- Nazarín (1959)
- The Young One (1960)
- Viridiana (1961)
- El ángel exterminador (1962).
PÅ SEKSTITALET FLYTTA han til Frankrike og byrja å lage filmar saman med manusforfattar Jean-Claude Carrieré. Denne perioden resulterte i eit par av dei mest surrealistiske filmane sidan samarbeidet med Dalí.
(«La Fantôme de la Liberté», trailer)
EI AV FAVORITTBØKENE mine er biografien til Buñuel, Mitt siste sukk, som vart skriven i samarbeid med nevnte Jean-Claude Carrieré. Det er eit eller anna med den briljante humoren til Buñuel som gjer at eg gong på gong må ta ned denne boka og lese eit eller anna frå ho — uansett kvar ein måtte slå opp finn ein gull.
TILFELDIGVIS HAR BUÑUEL filmatisert ei anna av favorittbøkene med Robinson Crusoe (1954), og denne filmen hadde eg inntil nyleg ikkje sett — eg hadde lese at han ikkje var å få på DVD. For eit par veker sidan fann eg han imidlertid på Amazon, så no har eg sett den óg. Det var ei ganske stram framstilling, men Buñuel hadde likevel sine varemerke med i filmen, som til dømes ein surrealistisk draumesekvens og eit par insektscener. Eg slukte det rått. Skal sjåast om att.
0 Svar til “Buñuel og surrealismen”