Eit essay i 7 delar:
1. Innleiing | 2. Filmane | 3. Point of view | 4. Halloween | 5. Steadicam | 6. The Shining | 7. Avrunding
STEADICAM VART OPPFUNNE i 1970-åra av Garrett Brown, og først brukt i filmane Bound For Glory (1976) og Rocky (1976). 17 Systemet vert montert på kroppen til ein operatør, som så kan bevege seg ganske fritt i høve til kva som ville vore tilfelle ved bruk av dolly, samstundes som bileta blir jamne og stabile. Kameraet er montert på ein bevegeleg arm og har motvekter som stabiliserer det. 18
FORDELEN MED Å NYTTE DETTE systemet er mellom anna at ein kan få jamne og stødige bilete over underlag som ein dolly ikkje ville kunne monterast på, slik som til dømes trapper, og ein vil kunne sjå meir av golvet eller bakken, der ein vanlegvis kanskje måtte skjule skinnene til ein dolly. Til dømes er det ei scene i The Shining der protagonisten, Jack jagar kona si, Wendy opp ei trapp, som er teke med Steadicam.
BRUK AV STEADICAM I SKREKKFILM kan omfatte mellom anna det eg har sagt om POV-shots. Om ein tek opp eit POV-shot som skal vise kva ein figur ser medan han går kan det oppstå ein del kameraristing, som ikkje vil likne dei bileta ein ville sett i røynda. Dette er fordi at samarbeidet mellom den menneskelege hjerne og synet gir ei veldig god «biletstabiliseringseffekt». Truverdige bilete er vesentleg for heile skrekksjangeren, og for POV-shots gjeld dette spesielt. Dersom det liknar meir på røynda er det som regel lettare å identifisere seg med. Noko som igjen fører til ei auka kjensle av å vera tilstades i filmen. Med Steadicam, til fots, kan eit slikt POV-shot gjerast meir truverdig sidan det stabiliserer eit bilete, men samstundes kan behalde den mjuke ristinga av gå-rørsler, alt etter korleis operatøren handterar det. I tillegg gir bruk av Steadicam veldig frie rørslemoglegheiter, sidan operatøren kan bevege seg nærast alle stader som eit vanleg menneske kan, og ein kan difor gjera svært lange opptak med kompliserte rørslemønster utan at det verkar for kunstig, eller mekanisk.
The Shining (1980) — trappescena
STEADICAM ER DERMED VELDIG VESENTLEG for mange av skrekkfilmens sterke horror-scener, og i tillegg gjer den særskilte kamerarørsla moglegheiter for stemningsbyggjing i tillegg til dei tekniske moglegheitene eg har nevnt. Scener som mange som har sett The Shining kanskje hugsar veldig godt er når Danny syklar på trehjulssykkel gjennom korridorane på Overlook Hotel. Det er nydelege tracking-shots gjort med Steadicam, som verkeleg demonstrerer moglegheitene denne teknologien gav, både teknisk og når det gjaldt å skape nye stemninger på lerretet. 19
–
17 Film History – An Introduction: 516
18 Film History – An Introduction: 516
19 Film Art – An Introduction: 267 (tracking shot)
3 Svar til “Kamerabruk i moderne skrekkfilm 5/7 – Steadicam og «point of view»”