NABOEN MIN 1 HAR objektivt sett dårlegare musikksmak enn meg. Diverre har han betre høgttalarar enn meg, og eg befinn meg dermed midt i eit sosiologisk problem som Pierre Bourdieu truleg kunne skildra ganske treffande ved hjelp av omgrepa økonomisk og kulturell kapital. Kort sagt har det seg slik at eg har nytta tida mi på å skaffe meg ein forfina, kulturell smak, medan naboen min har nytta tida si på å tene pengar nok til maksimalt store høgttalarar. Eg innser no at det truleg er meg som har har trekt det kortaste strået.
BAK EIN VEGG AV ULYD sit eg der med boka mi, truleg eit eller anna av Jon Fosse, og mister konsentrasjonen då jamvel kaffikoppen min byrjar å danse etter naboen si pipe og klirrar bortetter spisebordet.
BAK EIN ANNAN VEGG hadde eg i lengre tid naboar med ein overutvikla sans for heime-karaoke. Som om ikkje det var gale nok i seg sjølv stamma store deler av musikken frå eit polsk amatør-danseorkester 2, og opptaket laud i utgongspunktet som om det var framført av fulle apekattar. Eg skjønte heller ikkje eit kvekk av tekstane, men høyrer dei framleis ord for ord i hovudet. Då eg freista å vaske det vekk med Beethoven kjende eg meg som Alex i A Clockwork Orange.
MEN KARAOKENABOEN flytta ut, og sjølv om allsongen heng att i veggane, så har fråveret av hans flokk med karaoke-kameratar flytta fokus over på naboen med dei store høgttalarane. Og musikksmaken på den sida av veggen er det minst like mykje å seie på. Kanskje meir.
IKKJE OVERRASKANDE går det mykje i dunking – eller det vil seie, det går utelukkande i dunking. Gipsveggane fjernar det som måtte vera av høgare frekvensar, så alt eg høyrer er dunking, og ein og annan tutelyd. Det fascinerande med denne dunkinga er at ho føl ei monoton rytme med to slag i kvar takt og så, med ein gong det byrjar å bli forutsigbart plutseleg overraskar deg med å dunke ein gong for mykje i den fjerde takta! Eg vert like satt ut kvar gong. Og så fortset det som før, tilsynelatande heilt uaffisert av den plutselege overraskinga.
ÆRLEG TALT SÅ er dei einaste gongane eg vert overraska når det vert stille, og det gjer det som regel i omtrent to sekund kvart tredje minutt. Akkurat kort nok tid til å miste konsentrasjonen med det ein held på med. Eg kan sjølvsagt klage ved å dunke i veggen hans, men naboen er diverre for umusikalsk til å registrere det.
EIN KAN SEIA KVA EIN VIL om karaokenaboen 3, men han var i alle fall ikkje verre enn at han ved eit høve bestakk oss med gratis øl 4. Utan at han forstod norsk, tysk eller engelsk, så hadde vi ein lengre samtale med miming og tilfeldige, europeiske ord, der han forklarte korleis han fekk ut aggresjonen sin ved å spele høg dansebandmusikk og eg forklarte at eg kunne finne på å tute høgt på saksofonen min i ny og ne. Han var sjølvsagt overvettes begeistra for at eg tuta på saksofon — eit instrument som gjerne er sterkt representert innafor dansebandsjangeren — så eg gjorde ikkje noko vidare forsøk på å greie ut om jazz.
HADDE DET ALTSÅ IKKJE vore for saksofonen min, så kunne eg nok klaga på naboen sitt volum, men sidan eg risikerer å skyte meg sjølv i kneet, så blir det eigentleg berre musikksmaken hans som står lageleg til for hogg. Og korleis klagar ein eigentleg på musikksmaken til eit menneske? Eg er jo oppvaksen i Noreg på åttitalet, og har lært at naboen sin musikk i prinsippet er like god som min. Eller, det vil ikkje naudsynt seie at kvaliteten på musikken er like god, men at sjølve naboen i det minste skal vera like god (som meg). Dermed er det kva naboen får ut av musikken sin som tel, og dersom hans kjensler er like gode som mine har eg i teorien ikkje noko grunnlag for å klage. Det framstår som direkte pussig for meg at så vulgær musikk er i stand til å gje tilsvarande opplevingar som mine, men eg har ikkje noko anna val enn å la tvilen koma naboen til gode.
PÅ EI ANNA SIDE kan naboen vera ein passiv katalysator for perverterte krefter og mentalitetar i samfunnet som har skreddarsydd musikksmaken hans til eit kunstig behov for dyre høgttalarar. Musikk som er kliss lik heile tida må jo også vera svært kostnadseffektiv å produsere, så det kunne vore ei gullgruve dersom det eksisterte eit samarbeid — eller kanskje aller helst ein konspirasjon – mellom plateindustrien og høgttalarindustrien. Eg trur heller ikkje lydkabel-industrien ville nølt eit sekund med å kaste seg på, gjerne med «støyisolerte» høgttalarkablar av gull og grøne skogar.
DET KUNNE JO HENDE at naboen regelrett var blitt intellektuelt rævkjørt av kapitalismen; altså av sine eigne, men noko meir økonomisk oppegåande, artsfrendar. Kanskje skitmusikk rett og slett ikkje blir betre med store høgttalarar og volumknappar som går til elleve. Kanskje han blir verre. Kanskje alt naboen trur er feil.
–
Hehe! Bra illustrasjonsbilde! :-)
Du skriver veldig morsomt :-D
Imponerende forsøk på å være verdinøytral, eller… hm… kanskje ikke…
Gunnar: det syntes eg og, søkte etter “karaoke” på Flickr ;-)
Oda: Takk. Eg klarte nesten å beherske meg.
Poenget er at de aller fleste insisterer på å fokusere på kun en type kapital. Er man lur, forsøker man å finne balansegangen, slik at man enten kan kjøpe større høyttalere enn naboen, eller hus med større tomt. Det siste er å foretrekke, da Jacques Brel har det med å insistere på mer lavmælt rytmeseksjon enn Britney Spears.
trond: kompromiss er for pyser ;-) Det er forresten pussig at du nevner pop-songaren Brel, men han har eg faktisk litt sansen for.