Eit essay i 7 delar:
1. Innleiing | 2. Filmane | 3. Point of view | 4. Halloween | 5. Steadicam | 6. The Shining | 7. Avrunding
OPNINGSSCENA FRÅ HALLOWEEN (1978) nyttar subjektivt kamera, eller POV-shot. Eg har vald ho av di dette er ei vesentleg scene – eit slags anslag som skal gjenspegle og setje tona for resten av filmen, og dermed leggje grunnlaget for vår oppfatting av han. Ho er likevel litt spesiell i høve til det vi kjem til å sjå seinare når det gjeld kameraføring. Kameraet representerer her det optiske POV, eller synet, til den vesle guten Michael, men vi ser ikkje kven det er før scena er over. Dette er truleg teke opp med eit litt primitivt biletstabiliseringssystem. Grunnen til at slikt vert brukt er for å menneskeleggjere rørslene til kameraet, slik at kameraføringa verkar meir truverdig som blikket til eit levande menneske, noko eg vil koma attende til i avsnittet om det meir sofistikerte stabiliseringssystemet, Steadicam.
Halloween (1978) — første scene
DENNE SCENA ER ALTSÅ EI svært lang tagning. Lange tagninger bidrar gjerne til å auke kjensla av realisme, sidan det ligg nærare måten vi sjølv opplever ting på. 16 Det vert heller ikkje klipt i POV til Michael. Det er tydeleg at desse verkemidla er tekne i bruk med tanke på å skape maksimal «realisme», og dermed stor emosjonell innleving hos publikum. Uansett er det nok eit veldig effektivt anslag, som er meint til å hekte mange publikummarar nok til at dei får lyst til å sjå resten.
FOR Å SKILDRE scena meir detaljert, så startar ho med at vi høyrer nokre barnestemmer på slutten av introduksjonstekstane til sjølve filmen og tilhøyrande bilete av eit graskar, noko som lagar Halloween-stemning. Vi vert så kasta direkte inn i eit POV, det siste vi ser før dette er ein kvit tekst på svart bakgrunn som tid- og stadfestar handlinga. Biletet glir sidelengs ut frå noko mørkt slik at eit kvitt hus kjem til syne – det er kveld. Det er eit POV, og det «går» mot huset. Biletet ristar mjukt, i eit forsøk på å likne menneskeleg gange. Når POV kjem nært nok «ser» det gjennom glaset på nokon som er inne i huset. Dei flyttar seg vidare innover i huset, og POV flyttar seg rundt eit hjørne for å «sjå» inn eit vindauge. Det er eit kjærastepar som kliner litt på sofaen og tullar med ei maske. Så spring dei opp i andre etasje. POV flyttar seg attende rundt det same hjørnet og «ser» oppover – der er det eit vindauge kor lyset vert slokt. I det lyset slokker, startar den ikkje-diegetiske musikken, som kjem til å bygge seg opp mot scena sitt klimaks.
POV SNIK SEG SÅ ATTENDE, forbi stoveglaset, rundt eit hjørne til og inn bakdøra, som står på vidt gap. Heile tida medan POV «går», så «ser» det rundt seg. Det går inn på kjøkenet, slår på lyset, og går mot ei skuff. Her ser vi ein barnearm med eit slags klovnekostyme som kjem inn i biletet (vi oppfattar dette som POV-eigaren sin arm), opnar skuffa og tek ut ein relativt stor forskjerskniv som så vert løfta opp i ein slags hogg-stilling. Kniven er ute av fokus, medan rommet er skarpt. POV snik seg vidare innover i huset, veldig sakte, og kjem til trappa. Den unge mannen som nett gjekk opp trappa saman med jenta kjem ned att, men oppdagar ikkje POV, og går ut av huset. POV snik seg så opp trappa. Når det kjem opp «ser» det maska på golvet, som det plukkar opp (vi få sjå den same armen) og tek på seg. POV skiftar her til ei slags vignettering med same form som maska sine augehol. POV går inn i eit opplyst rom og ser på ei ung kvinne som sit framfor spegelen og børstar håret. Ho oppdagar POV når det er komen ganske nært, og vert sjokkert. Her ser POV først på kvinna medan det stikk ho gjentekne gonger med kniven, og så på sjølve kniven og si eiga hand, medan stikkerørslene fortset. Vi ser aldri at kniven kjem i kontakt med kvinna, men vi ser blod, og at ho ligg på golvet. POV går så raskt ned att og ut av huset, og vert oppdaga og avmaskert av ein mann. Her får filmen sitt fyrste klipp, der biletet går over til å vise ein liten gut i klovnekostyme. Dette siste biletet gir nok fyrstegongssjåaren eit ekstra sjokk. Det at det faktisk er eit barn som har begått dette bestialske drapet er uvanleg, og urovekkjande.
BRUKEN AV POV ER I DETTE TILFELLET av dei meir ekstreme. Filmen startar med denne tagninga, så vi har ingen informasjon, anna enn den vi får etter kvart som scena går føre seg. Vi veit i utgongspunktet ingenting om den personen kameraet representerer. Faktorar som bidrar til at ein vert absorbert i denne scena er altså mellom anna informasjonstilgongen. Ein veit ingenting, men vert pirra av kameravinkelen, som er spanande nettopp av di ein ikkje veit nokon ting. Difor vil en freiste å henge med for å sjå korleis dette går. Denne scena er eit typisk anslag, det vil seie ein sekvens der ein vert kasta direkte inn i handlinga – in medias res – og noko dramatisk skjer; ei slags mini-historie som skal etablere temaet for resten av filmen. James Bond-filmar er til dømes kjend for dette. Det er få aktørar med – eigentleg ikkje meir enn to-tre, og handlinga er veldig lineær, kronologisk og enkel. Det at heile episoden utspelar seg i ei tagning er óg ein faktor som fører til at ein vert meir absorbert i scena – mykje av di dette, saman med den «naturlege» kameraføringa, skal skape ein illusjon av realisme og i stor grad lukkast med det. Sjølv om det er ein del tekniske småfeil og logiske brister å pirke på, så legg ein sjeldan merke til mykje slikt fyrste gong ein ser det.
DET SOM ER MEINT Å SKAPE SKREKK her er nok fyrst og framst sjølve drapet, men rollene er på grunn av kamerabruken i utgongspunktet snudd i høve til kva som er vanleg. Det er noko av det som gjer dette spanande. I Psycho (1960) såg vi ei liknande scene, som denne truleg refererer til, nemleg den vidgjetne dusj-scena. Der er det også slik at ein aldri ser kniven treffe hud, men ein ser blod. Likevel ser ein den scena også frå offeret sin synsvinkel. I Halloween ser ein scena utelukkande frå mordaren sitt POV, og som ein ekstra vri glir kameraet over frå å vise offeret til mordaren si eiga hand som stikk offeret med kniv. Sidan dette er eit POV tyder den kamerarørsla på alvorleg psykopati, og er i seg sjølv skremmande. I tillegg set dette tonen for resten av filmen – vi forstår at dette er ein person som drep kun for å drepe, og at han til og med kanskje finn ei pervers glede i det.
Psycho (1960) — den meisterlege dusjscena
DENNE VESLE ENDRINGA I POV hevar det skrekkelege inntrykket til eit ekstra nivå, og fortel ikkje berre at denne personen er truande til å drepe med kniv, men også at han truleg kan gjera det utan grunn – vi får heller ikkje oppgitt nokon grunn seinare i filmen. Om ein ser bort frå kamerabruken ein augneblink, så kan ein jo også forstå at dette er ein form for realistisk skrekk som ein kan identifisere seg med – dette kan i teorien skje med kven som helst.
NOKO EIN KAN LURE PÅ er kvifor regissøren vel å setje ei maske framfor kameraet. Gjennom å gjera det minner han oss på at vi ser på eit POV – ikkje at det er nokon tvil om det uansett, men det kan forsterke opplevinga. Ein annan grunn kan vera for å etablere det temaet at Michael kjem til å nytte maske seinare i filmen, når han er ute etter blod. Ellers kan det vera for å illustrere korleis Michael går inn i ein mørk del av psyka si når han drep. Maska tilfører ei stor, mørk flate til biletet og gir i tillegg ei effekt av tunnellsyn. Ellers er maska sjølvsagt naudsynt for avmaskeringa som skjer i slutten av scena, men det er sjølvsagt ikkje utelukkande ein god nok grunn til å ha ho med.
SOM SAGT VERT DET her truleg nytta eit primitivt biletstabiliseringssystem, men det systemet som i dag er industristandard heiter Steadicam, og det skal eg no gå nærare inn på – særskilt med tanke på POV-shots.
–
16 Film Art – An Introduction: 285
Denne serien er nydelig! Flottings bloggings!
Hjorthen: Takk, hyggeleg at nokon likar det.