Om felleskapet og naboane mine

EG VERT SÅ MISANTROPISK kvar gong eg skal vaska klede. Der vi bur har vi eigentleg ikkje nokon plass å ha vaskemaskin, så det er eit felles vaskeri. Skal eg vaske klede må eg ta dei med:

  • Ut (ut døra til takterassen, inn døra til korridoren og ned tre etasjar med trapper)
  • Hundre meter bortover gata
  • Gjennom tre dører, samtlege med kort- og kodelås, samt ned ei trang trapp.

DETTE GIDD EG RETT OG SLETT ikkje gjera særleg ofte, og det vert difor også gjerne tre-fire posar med skittentøy i slengen, noko som gjer turen tilsvarande meir strabasiøs. I utgongspunktet greit nok, sidan det var gratis å vaske klede då vi flytta inn her. Etter kvart fekk vi imidlertid eit ekstra kort, som vi må fylle på pengar som vi må betale med kvar gong vi skal vaske klede. Og som om ikkje det var nok har vi også alle idiotane å stri med. Eg mistenker også at nevnte idiotar er direkte årsak til betalingsprinsippet, og dermed einaste reelle problemkjelde.

Vaskeri | flickr.com (cc)EG TRUR NABOANE MINE ER LAVARESTÅANDE PRIMATAR. Det er heilt latterleg, men eg ante verkeleg ikkje kor mange kromosomfeil som går an å avsløre ved hjelp av ei vaskemaskin. Det går ikkje ein klesvask utan at ein eller annan amøbe har rive laus handtaket på minst éi. Som dei fleste er klare over let ikkje vaskemaskiner seg opne medan dei vaskar kleda — nettopp for å unngå ein annan type idiotfeil, som eg ikkje tvilar eit sekund på at nokre av naboane mine er i stand til å gjera. Det er tydelegvis enkelte gorillaar som er så desperate etter å få tak i pelsen sin at dei ikkje klarar å vente på at maskina er ferdig og går direkte bananas på handtaket. Dette problemet oppdagar eg på ei ny maskin kvar gong — vaktmeisteren rekk ikkje reparere dei raskt nok. Ein skulle jo tru det jamvel for ein hund var mogleg å trekke konklusjonar om kva som vil skje med dei andre maskinene, som er kliss like, når ein alt har rive handtaket av ei maskin. Men ikkje naboane mine — dei må prøve alle. Eg lurar på korleis dei i det heile tatt klarar å komme seg inn i vaskerommet.

EG GÅR OG SKULAR på naboane mine, og lurar på kven av dei som har køyrd pelsen sin gjennom kokvaskprogrammet saman med eit par knallraude sokkar. Eg har mine mistankar.

AV ANDRE TING dei klarar å få til må det til dømes nevnast at eg ved fleirfoldige tilfelle har observert at heile grensesnittet, det vil seie heile kontrollpanelet på vaskemaskinene har vore laust og ubrukeleg. Det har vore trykt inn i maskina, og der knappane var har det berre vore hol. Kortet med sjølve knappane på har dingla eit godt stykke inne i vaskemaskina. Eg måtte berre stirre i vantru på fenomenet første gong eg oppdaga det — det såg ut som om Hulken hadde vaska klede for fyrste gong. Somme tider undrar eg meg på kva som eigentleg går føre seg mellom dei åtte veggane der nede.

ETTER EI STUND var det reparert av vaktmeisteren, eller kanskje snarare av profesjonelle vaskemaskinreparatørar, og på maskinene var det kome opp ein merkelapp:

«Vennligst IKKE trykk HARDT på disse knappene!»

EG BURDE JO SJØLVSAGT ha rekna med det, men etter eit par veker så var kontrollpanelet inne i eit par av maskinene att, der dei hørte heime. Sjølv om ein klarar å taste koden tyder altså ikkje det på leseferdigheiter. I tillegg var også dei øvrige standardfeila på plass, som avrivne handtak, opne maskiner halvfulle med vatn og toppa haugar med ukjend vaskepulver stappa inn i alle tenkelege luker og opningar. Eg byrjar å lure på kva desse dyra eigentleg gjer på til dagleg, korleis dei klarar å skaffe pengar til å betale husleiga, korleis dei handlar i butikken, eller korleis dei eigentleg greier å kle på seg sjølve.

EG BYRJAR Å STUDERE påkledninga til naboane mine. Sjå etter folk som har buksa bak fram. Eller kanskje ulike sokkar, eller i alle høve smekken open. Eg mistenker fleire.

EG HAR IKKJE TAL på kor mange gonger eg naivt har starta ei maskin med pengekortet mitt, lagt i klede og vaskepulver, for så å oppdage at ho eigentleg ikkje virkar likevel. Gjerne skjer dette når eg berre hadde nok pengar att på kortet til ei vask og kontoret der me fyller på er stengt. Dermed kan eg ikkje gå attende for å kreve pengane att, og har eigentleg ikkje noko anna val enn å gå heim for å vaske med Biotex i bøtte — noko eg eigentleg trur er mindre arbeid, og i alle høve mindre frustrerande.

6 Svar til “Om felleskapet og naboane mine”


  1. 1 Kristin 19. januar, 2008 at 19:19

    Eg sender mine djupaste medkjensler din veg. Dette innlegget får meg til å setje umåteleg stor pris på hybelvaskemaskina mi!

  2. 2 Hanna 20. januar, 2008 at 15:15

    Eg merkar eg nesten ikkje trur på det. Men etter å ha møtt naboane dine, tviler eg likevel ikkje eit sekund.

  3. 3 Mads 20. januar, 2008 at 15:42

    Kristin: Eg har ikkje steikeomn eller TV heller, dersom du har meir som trengs å setjast pris på. ;-)

    Hanna: Alt er sant, men det med pelsane var synsing.

  4. 4 kristin 22. januar, 2008 at 0:08

    Etter at jeg hadde ledd meg frynsete av “Eg trur naboane mine er lavareståande primatar”, begynner jeg å tenke: Tror du de tenker det samme om deg? Jeg mistenker i alle fall det hver gang jeg treffer noen med sagflishjerne; at de tenker det samme om meg.

  5. 5 Mads 22. januar, 2008 at 0:29

    kristin: dersom dei tenker, så trur eg eigentleg det må vera på bananer


  1. 1 Naboen sin musikksmak, analysert « God dag, verd! Trackback23. januar, 2008 at 13:05

Skriv et svar