Eit essay i 7 delar:
1. Innleiing | 2. Filmane | 3. Point of view | 4. Halloween | 5. Steadicam | 6. The Shining | 7. Avrunding
HALLOWEEN (1978) 6, regissert av John Carpenter, er ein såkalla slasher; her foregår det blodige, tilfeldige drap, gjerne med kniv eller tilfeldige våpen. Dette går gjerne føre seg i vanlegvis trygge bustadområde, og handlinga kan til dels dreie seg rundt ei ung kvinne som overlever eit eller fleire drapsforsøk. I filmar som har etterfulgt denne er ofte mordaren, som i Halloween, ein slags dyrisk, mentalt ustabil, eller tilbakeståande mannsfigur, kanskje også delvis overnaturleg, som har blitt neglisjert av samfunnet eller utstøtt på ein eller annan måte, og difor ikkje er i stand til å leve eit normalt liv. Det har vorte laga massar av liknande lågbudsjettsfilmar i ettertid som har gjort stor suksess. Halloween vert gjerne omtalt som ein lågbudsjettsfilm, men det er ikkje naudsynt heilt sant, for han hadde eit budsjett på $300 000, men halvparten av dette vart brukt berre på kamera, så ein kan tenke seg at det ikkje vart så mykje att til å lage sjølve filmen for. 7 Filmen ber preg av å ha hatt relativt lågt budsjett, og det har nok motivert andre filmskaparar til å prøve å lage skrekkfilm på låge budsjett i ettertid. 8 Ein kan til dømes nevne Friday the 13th-serien – produksjonar som har mange fellestrekk med Halloween. Det fins også fleire liknande seriar, noko som absolutt tyder på at Halloween har spelt ei stor og viktig rolle innanfor sjangeren.
FOR Å GÅ KORT inn på sjølve filmen si handling, så er ho ganske forutsigbar — spaninga ligg meir i korleis enkeltsituasjonar vil utspele seg. Eit verkemiddel som kameraføring vil difor truleg ha mykje å sei innanfor enkeltscener i filmen, og forhåpentligvis vil dette også verta gjenspegla i opningsscena, som eg har vald å gå inn på seinare.
THE SHINING (1980) 9, regissert av Stanley Kubrick, har også dei sterke, visuelle skrekkscenene, men dette er i tillegg ein meir psykologisk film. Det er også her ein mordar som er protagonist, men i utgongspunktet er han ein vanleg mann, som gjennomgår ei psykisk endring og blir drapsmann. Om det eigentleg er Jack Torrance som er protagonisten i denne filmen kan også diskuterast. Alternativt kan det vera sjølve hotellet som har rolla som drivkraft og/eller skurk i historia. Det er dermed ikkje slik at ein har eit heilt klart definert «monster». Vi kan definere monsteret som ein symbiose av Jack og hotellet, men det er heilt klart hotellet som har den sterkaste krafta, for Jack viser ved eit par høve at han fryktar det. Korleis ein vel å sjå på det er eigentleg ganske subjektivt.
DETTE ER OGSÅ ein film som har vore inspirasjonskjelde for mange seinare produksjonar, men kanskje ikkje på den same, direkte måten som Halloween. Særskilt var det her bruken av Steadicam som var banebrytande og sjangerdefinerande, sidan dette var den fyrste skrekkfilmen som tok i bruk den teknologien, men i det heile var han eit komplett meisterstykke på alle plan, som til dels definerte ein ny type skrekkfilm, og definitivt var med på å gje skrekkfilmen høgare status.
–
6 Mi hovudreferanse til sjølve filmen Halloween er ein sone 2 DVD på 1time og 27minutt.
7 Henta frå filmen Halloween si side på nettstaden Internet Movie Database: http://www.imdb.com
8 Film History – An Introduction: 528
9 Mi hovudreferanse til sjølve filmen The Shining er ein sone 2 DVD på 115 minutt, frå Stanley Kubrick Collection
4 Svar til “Kamerabruk i moderne skrekkfilm 2/7 – Filmane”