I staden for å la det ligge utan publikum publiserer eg eit slags essay om film, frå UiB våren 2005. Artikkelen kjem som ein serie på 7 delar, passeleg porsjonert, illustrert og tilpassa lesing på web. Kom gjerne med spørsmål og innspel.
1. Innleiing | 2. Filmane | 3. Point of view | 4. Halloween | 5. Steadicam | 6. The Shining | 7. Avrunding
Kamerabruk som narrativt verkemiddel i moderne skrekkfilm.
Eg vil analysere kamerabruken i utvalde scener frå klassikarar innanfor skrekkfilmen for å finne fram til kva som foregår, og kvifor dette vert gjort, med tanke på sjangeren sitt føremål.

The Shining (1980)
SKREKKFILMEN SITT FØREMÅL er å skape ei kjensle av skrekk hos tilskodaren. Dette er sjølve definisjonen på ein skrekkfilm, og heva over diskusjon – det eg vil sjå på er kamerabruken. Med kamerabruk meinar eg det som skjer med kameraet reint teknisk, men av det vil eg først og fremst studere utsnitt og rørsle, og ikkje gå for mykje inn på til dømes fokus og zoom. Eg kjem ikkje til å legge vekt på det innhaldsmessige; handling, dialog og mise-en-scene, altså omgivnader, rekvisittar, kostymer, skodespel og lysbruk. 1 Eg kjem heller ikkje til å bry meg med cinematografiske kvalitetar. 2 Den narrative funksjonen til kameraet avgrensar eg då, som sagt, til det som angår måten kameraet sjølv vert handtert på, og kva det peikar mot.
SKREKKFILM ER som sagt ein sjanger som gir seg sjølv på den måten at han er pragmatisk definert.3 Der er han ein av tre ulike sjangrar som har dette til felles. Sjølvsagt kjem det litt an på kor mange sjangrar ein nyttar – noko som er meir ei smakssak enn objektiv vurdering – men komedie og pornografisk film er som regel dei andre to. Desse sjangrane har truleg også det fellestrekket at dei sjeldan vert sett på som særleg «høgkulturelle», og skrekkfilmen har i tillegg ikkje alltid hatt særleg breid målgruppe, dermed har han også tradisjonelt hatt status som B-film.
SJANGERTREKK KAN VERA alle trekk ved ein film, også kamerabruk, som er det eg vil gå mest inn på her. Dette vil likevel ikkje vera ei undersøking om korvidt kamerabruken kan vera eit sjangertrekk ved skrekkfilm, men meir ei undersøking om korleis kamerabruken i eit par utvalde scener er knytt opp mot sjangerdefinisjonen: det å gi skrekk-kjensle. Eg er altså interessert i å vurdere korleis sjølve kamerabruken kan bidra til å skape skrekk-effekter. Dei scenene eg vel å gå ut frå er på ingen måte representative for noko anna – dette er kun ei skildring og vurdering av korleis ting skjer i dei konkrete scenene. Det einaste kriteriet eg har sett er at filmane ikkje skal vera direkte dårlege. Så ved å sjå på to filmar som vert rekna som klassikarar innanfor sjangeren reknar eg med at dei delane eg plukkar ut fungerer godt. Skrekkfilm skal «skremme», og eg forventar difor at klassikarane gjerne er dei som har klart dette best, eller i alle fall at dei har vore med å definere korleis det skal bli gjort.
SIDAN DETTE DREIER SEG mykje om det tekniske, vil det vera ei teknisk og teknologisk analyse, der eg går inn i ei tid kor oppfinninga Steadicam var i sin barndom. 4 Sidan det var dette som var det nye innanfor kamerateknologi i perioden, vil eg legge stor vekt på det. I tillegg vil eg kome til å vera særskilt oppteken av point-of-view-shots teke med denne typen teknologi, dette av grunnar som eg kjem til å koma attende til. 5
—
1 David Bordwell/Kristin Thompson: Film Art – An Introduction (int. ed. 2004) s. 176 (mise-en-scene)
2 Film Art – An Introduction: 229 (cinematografi)
3 Film Genre Reader: 4
4 Kristin Thompson/David Bordwell: Film History – An Introduction (int. ed. 2003) s. 516 (Steadicam)
5 Film Art – An Introduction: 85
6 Svar til “Kamerabruk i moderne skrekkfilm 1/7: Innleiing”