EG KOM OVER eit innlegg som adresserer den såkalla blogg-eliten, og her kjem eit par kjepphestar frå meg:
HEST 1:
SKRIV ARTIKLAR, IKKJE BLOGGPOSTAR! Her er eg på linje med Jakob Nielsen i hans utmerka artikkel om temaet. Det er klart at korte, lause bloggpostar kan vera underhaldande som del av ein koherent heilskap, men det er framleis lite som slår gjennomarbeidd og klårt avgrensa materiale. For å illustrere eit problem: eg har tidlegare posta ein artikkel om hekseprosessane som jamnleg får treff frå søkemotorar, men foreløpig er han ikkje særleg i tråd med hest 2 og heng ikkje nok saman med resten av bloggen.
Øving 1: Sjå ein god TV-serie og samanlikn han med bloggen din.
«BLOGG-ELITEN» postar ekstremt hyppig og kommenterer mykje på andre bloggar. Dette gir mange lesarar av di ein for kvar nye post pingar ein masse bloggtenester, som til dømes Bloggrevyen, og vert meir synleg for nye lesarar (det vil seie dei som ikkje abonnerer), særleg dersom ein gjer dette på eit strategisk korrekt tidspunkt. Dei faste lesarane, som sjølvsagt abonnerer, kjem som regel attende uansett, i alle høve dersom ein skriv noko interessant.
EG POSTAR LITE og uregelmessig, så dersom eg har lesarar som ikkje abonnerer, og i staden går inn på denne sida jamnleg for å «sjekke om det er noko nytt» vil eg tru dei ganske raskt sluttar med det, og det er bra. Død over alle som ikkje abonnerer! Eg er imidlertid klar over at eg til burde ha ein fast dag i veka der eg publiserer (dersom det er noko eg har skrive). La oss sei fredag, sidan det no ein gong passa så bra i dag.
REFERÉR! Dei som kjenner omgrepet intertekstualitet, forstår heilt sikkert også kva hypertekstualitet tyder:
Innenfor litterær teori er hypertekstualitet en fragmentert eller oppdelt lesing hvor leseren selv bestemmer hvilken vegvalg vedkommende må ta. (Wikipedia d.d.)
PÅ NETT ER konsentrasjonstida ekstremt kort, og det fungerer best der lesaren sjølv kan bestemme rekkefølga på ei samling tekstfragment. For eit døme på kva eg meinar, sjå novella Faen. Nå har de senket takhøyden igjen. Må huske å kjøpe nye knebeskyttere. av Tor Åge Bringsværd.
EIN BLOGG blir ein del av heilskapen dersom han linkar mykje til andre bloggar, og på same måte blir ein bloggpost i større grad ein del av bloggen dersom han linkar attende til postar som er skrivne tidlegare, til dømes om det same temaet. Korleis ein gjer dette kjem an på kva slags blogg ein har. Ein stram sjangerblogg kan ofte linkast i hop på meir kreative måtar enn ein sprikande altmoglegblogg. Generelt sett får ein også fleire lesarar med ein sjangerblogg.
ARTIKKELSERIAR som det ikkje er naudsynt å lese kronologisk — som til dømes min serie om fotografi — kan ein gjerne linke både fram og attende mellom dei ulike postane. Eit anna verkemiddel er å installere ein link som fører til ein tilfeldig post — dette finst både for Blogger og WordPress (min befinn seg i s.s. oppe til høgre). Denne har ført til meir trafikk på gamle postar. Såkalla tag-clouds (sjå nøkkelord nederst på framsida) kan også vera ein god idé å ha, sidan det raskt gir eit ærleg bilete av kva bloggen dreier seg om.
LES OGSÅ Jakob Nielsen sin artikkel Blog usability: top ten design mistakes. Her er det mange ting eg sjølv burde vore betre på.
Interessant lesing, selv om jeg føler at en del av dette gikk over hodet på meg. Hypertekstualitet. Hm? Jeg leser forklaringen og kjenner at jeg egentlig ikke har forstått det likevel.
Og hva er forskjellen på en artikkel og en post? Når skriver jeg poster og når skriver jeg artikler. Hvis jeg skal gjette er alt jeg skriver poster, men so be it. Jeg skriver akkurat det jeg føler for i øyeblikket og trives godt med det. Det er heldigvis plass til oss alle.
Men – det som vekket min nysgjerrighet nok til å kommentere her, er denne greia med å komme til en tilfeldig side på bloggen din. Jeg er nyinnflyttet på WordPress og har ikke sett denne funksjonen. Kan du lede meg i riktig retning?
Lothiane: Dette med skilnaden på artikkel og post er ikkje så mykje ein definisjon som det er polemikk. Ein bloggpost treng ikkje vera ein skriftleg sjanger — poenget til Nielsen er at ein aukar kvaliteten på postane sine ved å tenke på dei som artiklar. Han har også ein artikkel med skrivetips her. Legg merke til korleis han skriv artiklane sine — dei er skrivne for å vera lettleste på web.
Når det gjeld dette med ein tilfeldig post så er dette enkelt som lite anna. Det er forklart her.
Takk for tips, nå har jeg – etter en god del prøv-og-feil – funnet fram til hvordan jeg kunne legge inn “tilfeldig post”. Moro. Takk! :)
Det er mulig Nielsen har gode poenger altså, men etter min mening er siden hans omtrent uleselig. Jeg ga fort opp å lese. Han burde kanskje tenke litt på utformingen og ikke bare innholdet?