GORGOROTH sitt album Ad Majorem Sathanas Gloriam (2006) er utvilsamt deira absolutt beste og min definitive favoritt innan heile svartmetallsjangeren. Det er eit kort og intenst verk med ein urovekkande heilskap der den fantastiske White seed, som nærast er for ein støykomposisjon å rekne (i mangel av eit betre omgrep), skapar eit absolutt sublimt ytterpunkt.
VIDEOEN av Carving a giant er grei nok for å få eit inntrykk, men sjølv om det er ein interessant video er det eigentleg best å lukke augo. Heile albumet må høyrast mange gonger. Minst hundre. Sjølv om du ikkje taklar svartmetall, eller nei, vent litt — då kan du berre ha det så godt.

Flott!
Eg kjem aldri til å slutta å lura på om svartmetall uttrykkjer ekstrem sjølvironi, eller er fundamentalt blotta for det.
Svartmetall er på sett og vis så ekstremt vulgært at det ikkje spelar noka rolle om det er kunst eller barbari.
Litt sånn som Gluntan med andre ord.