Fascinerande fotografi #4: Witkin

The Kiss, 1982

EI FOTOBOK i hylla mi som eg stadig vekk må opne er den med fotografia til Joel-Peter Witkin. Det er surrealistisk svarte og dystre bilete, til tider svært makabre, men samstundes kan dei også vera tvetydige og optimistiske. Sjå til dømes på fotografiet av hovudet frå eit lik som er kløyvd i to på langs. Eg siterer frå Wikipedia-artikkelen om kunstnaren der det står om ein episode Witkin meinar har inspirert arbeidet hans:

It happened on a Sunday when my mother was escorting my twin brother and me down the steps of the tenement where we lived. We were going to church. While walking down the hallway to the entrance of the building, we heard an incredible crash mixed with screaming and cries for help. The accident involved three cars, all with families in them. Somehow, in the confusion, I was no longer holding my mother’s hand. At the place where I stood at the curb, I could see something rolling from one of the overturned cars. It stopped at the curb where I stood. It was the head of a little girl. I bent down to touch the face, to speak to it — but before I could touch it someone carried me away.

DET VERKAR SOM om Witkin har nærast fri tilgong på lik og likdeler, noko som resulterer i dei mest absurde bileta ein kan tenke seg, og eg kan ikkje eingong begynne å presentere dei her. Mannen er i alle høve ein stor kunstnar og sjølv om han er godt kjend i visse krinsar trur eg mange fleire kan ha interesse av arbeida hans.

SJØLV OM BILETA til Witkin er heilt legitime fotografi og kan kallast “straight photography” er dei også på eit vis forsterka måleri, og mange av motiva hans henviser også til kjende måleri, men utnyttar samstundes fotografiets eigenart for å skape det rette inntrykket. Witkin er for øvrig også utdanna i skulptur, kunnskap han også nyttar i fotografia sine.

.
Corpus medius, 2000 BILETET av eit halvt lik, titulert Corpus Medius (2000) er nevnt i boka eg har. Der kommenterer forfattaren følgande:

Witkin had come across all kinds of cadavers, but he was astounded by the purity of this Eastern European specimen. It gave off its own light — proving to him that gods appear when least expected — he had only to follow what it directed. Never has he made anything so eloquent. Witkin regards this work not as a new beginning but as a summary of everything that preceded it. We can only imagine what will follow.

NÅR EG ser på kor mange som les desse fascinerande foto-postane i høve til alt det andre sprøytet eg skriv, så er det tydeleg at interessa for fotografiet som kunst ikkje er spesielt utbredd, men eg vel å tru at det til dels skuldast lite kjennskap, for det er utruleg kor mykje vilt som fins der ute dersom ein leitar. Det er ikkje utan grunn nokon seier at alt som kan gjerast fotografisk er gjort — sjølv om det heilt sikkert kan diskuterast. Det er i alle høve liten tvil om at mannen er eit geni og eg må på det sterkaste oppmode om å sjå gjennom portfolioen som ligg på Masters of Fine Art Photography.

ANDRE FOTOGRAFAR: #1: Lartigue, #2: Madoz, #3: Minkkinen

Skriv et svar