SOM ALLE DESSE framande augene passerer meg og ser på meg men aldri ser meg ser eg dei. Ville nokon andre vore her viss ikkje eg?
HAGL
Det var ein dag det regna og hagla så hardt at eg fekk ei dirrande kjensle i kroppen og regnet hadde rasa over oss i dagevis, men haglet storma i meg og eg opna glaset og såg det altoppslukande suset av peprande hagl ta pusten frå meg og det var noko som reiv av meg alle kleda og eg sprang ut i gata og strekte alle armane oppover medan haglbitane skaut i huda mi og heile kroppen min kribla inn til beinet og eg la meg ned på bakken og kneip augene att medan dei harde hagla storma vilt nedover brystet mitt og magen min og andletet mitt og eg ikkje lenger kunne kjenne kva som var meg og kva som var
hagl.
[ Fotografert til ein reportasje der det vart nytta Leonard Cohen-sitat som bilettekstar. Eg har forresten skrive om Cohen her. ]




Nydelige paraplybilder. Jeg lurer på hva det er med paraplyer som er så visuelt tilfredsstillende.
Jeg likte bildene.. og designet på bloggen (:
Takkar for innspel :-)
Paraplyar er fantastisk absurde.
Paraplyar og Cohen høyrer på sett og vis saman. Cohen er musikk for regnvérsdagar!
Vart forøvrig inspirert av dei fine bileta :) Eg og kameraet mitt skal på tur neste gong det regnar!
Og så må eg skryte litt av bloggen din. Du skriv godt (og på nynorsk – ikkje minst), tek nydelege bilete og har den beste tegneserien Studvest’en har hatt på lenge ;)
Underteikna er herved fast lesar av God dag, verd!