Fascinerande fotografi #3: Minkkinen

DET GÅR I FOTOGRAFI, og denne gongen går det eit vink til Arno Rafael Minkkinen — ein amerikanar av finsk sort som har mange bilete eg likar svært godt. Han nyttar stort sett berre sin eigen kropp som motiv og som regel fotograferer han seg sjølv som ein del av naturen. Bileta har gjerne eit litt surrealistisk preg. Han «juksar» aldri — når foten hans stikk opp av vatnet, så er han nede i vatnet. Fuglane må vite korleis han får det til.

EG LIKAR MÅTEN naturen blir brukt i desse fotografia. Dei utforskande tankane som ligg bak slike bilete gjer at eg finn dei svært stimulerande å betrakte. Minkkinen har for øvrig fotografert seg sjølv i elva Aare i Bern — ei ganske styggfin elv, som eg har skrive om mine opplevingar med tidlegare. Mannen har ellers vore i Noreg og leika med ein båt, med ganske bisarrt resultat.

NÅR EG SER på bilete etter bilete med desse sprø motiva er det ikke berre det humoristiske og overflatisk absurde ved dei som fangar merksemda mi, men denne stadige kombineringa av natur og eiga organisme framstår av og til som uttrykk for tilpassingstrong — kanskje som ein motpol til måten vi gjerne tilpassar naturen til oss sjølve. Det er eit inntrykk eg til dømes får av eit bilete som dette. Han har teke fleire bilete over det same temaet — med kroppen på ulikt vis klemt mellom trestammer.

I ALT ER det ei enorm mengd fantastiske motiv denne mannen har samla i hop, så eg kan trygt anbefale å sjå gjennom absolutt heile galleriet hans. Du vil bli eit rikare menneske. Eg har lyst til å ha alle bileta hans på veggen, men eg er redd eg ikkje kjem til å få gjort anna enn å stirre på dei.

ANDRE FOTOGRAFAR eg har hausa opp: Chema Madoz, Jacques Henri Lartigue

Skriv et svar