Fascinerande fotografi #2: Madoz

SOM SAGT har eg i eit anfall av sørvisinnstilling byrja å presentere fotografar og fotografi som fascinerer meg, og no er det den spanske surrealisten Chema Madoz sin tur. Første gong eg kom over bileta hans var i ei bok på biblioteket, og eg likte dei med ein gong. Madoz har ein tydeleg stil der det ofte er enkle grep han gjer, gjerne banale og humoristiske, som får kjente ting til å kjennest absurde å sjå på.

GJENSTANDAR plassert i uventa samanhengar er hovudtemaet i bileta til Madoz, og det er sprudlande inspirert påkome og utført. Han leikar med våre fordommar og oppfattingar ved å utforske objekta rundt oss på underfundig vis. Dette er bilete eg alltid blir i godt humør av å sjå på, av di dei er så effektive og inspirerande. Til dømes byter han elegant ut gelenderet i ei trapp med ein spaserstokk, eller set bukseselar på ein stol som om det var den mest naturlege ting i verda. I eit eg likte særs godt har han gjort eit enkelt, men genialt triks med to gjenstandar som mange kvinner brukar. Sjå gjerne gjennom galleriet og gi meg din favoritt (eg trur jamvel det finst fleire bilete her).

SJÅ FOR ØVRIG også førre post i denne serien, om Jaques Henri Lartigue.

3 Svar til “Fascinerande fotografi #2: Madoz”


  1. 1 Buster 2. desember, 2007 at 11:59

    Madoz er et helt nytt navn for meg. Geniale fotografier! Jeg tror fyrstikk på kvist er min favoritt så langt. Less is more.


  1. 1 Fascinerande fotografi #3: Minkkinen « God dag, verd! Trackback4. desember, 2007 at 20:13
  2. 2 Fascinerande fotografi #4: Witkin « God dag, verd! Trackback14. desember, 2007 at 13:36

Skriv et svar