FOR KANSKJE Å gi ei lita gneist til den generelle interessa for fotografiet tenkte eg i ny og ne å presentere fotografi og fotografar som eg sjølv har lete meg fascinere av. Først ut er Jaques Henri Lartigue, og då spesifikt hans tidlegaste bilete. Lartigue byrja å fotografere då han var berre seks år gamal, han vart fødd i 1894, og medan han var barn og tenåring tok han nokre av sine mest kjende bilete — til dømes dette av ein racerbil. Lartigue har vorte kalla fotografiets einaste vidunderbarn, og det er unekteleg eit spesielt blikk i bileta han tok som barn (her i eit sjølvportrett frå åtteårsalderen). Under ser ein eit bilete han har teke av kusina si:

MANGE AV bileta vart fotograferte med eit stereoskopisk kamera. Det vil seie at det oppstår ei tredimensjonal effekt dersom ein ser på eit bilete med kvart auge. Dette var svært populært rundt førre hundreårsskifte, og eg synest sjølv det er nærast utruleg at ein kan sjå bilete frå den tida i 3D, men det er ikkje så mange som har hørt om dette i dag. Det krev gjerne litt innsats, og dersom ein ikkje får til å krysse blikket tilstrekkeleg til at bileta møtes kan ein trøste seg med at det ikkje er spesielt lett — sjølv får eg det til på biletet over i løpet av fem til ti sekund, men ein brukte gjerne spesielle kikkeverktøy dersom ein fann det vanskeleg (eg hadde sjølv eit raudt plaststereoskop då eg var liten, noko som kan vera ein av årsakene til min fascinasjon). Det er for øvrig ikkje slik at alle bilete er like enkle å sjå, så dersom ein ikkje får til det over kan ein øve seg på eit bilete eg har teke, som eg meinar er litt enklare å sjå.
INGEN AV bileta Lartigue tok då han var ung vart stilt ut før på sekstitalet, så det er først i nyare tid han har fått plass blant dei store meistrane — gjort vidgjeten av den store fotografen Richard Avedon. Lartigue står på grunn av dette ganske utanfor historisk samanheng og var ganske enkelt eit barn fødd inn i overklassen som fotograferte folk rundt seg med eit særeige, humoristisk blikk. På nettsida Masters of photography kan ein sjå Lartigue sine mest kjende bilete med årstal, og Google sitt biletsøk har ellers eit greit utval. Dei er også attgjevne i ulike bøker som er å få tak i — noko som absolutt kan anbefalast. Eg har også sett at han er teken med i enkelte fotohistoriske verk.
Lartigue er spennande. Det høyres ut som du har fått med deg den fabelaktige BBC-serien “The genius of photography”, der Lartigue blir presentert i første delen av serien, om ikkje vil eg tilrå deg å få med deg denne.
Eg har hørt mykje om denne serien i det siste, men har diverre ikkje fått han med meg (har ikkje fjernsyn). Det høyrest ut som om dette er noko som må kjøpast på DVD etter kvart, ja. :-)
Oi – dette var gøy!
….og visste ikke om dette stereoskopiske kameraet. Fascinerende!
Interessante og artige fotoposter du har!