AV TING EG klarar å rote meg bort i er altså tida no komen til teikneserie (klikk på stripa over for større versjon). Denne vart til i ein augneblink av trass og eg forsøkte å etablere ein type stripehumor som befinn seg på eit eksistensielt plan. Stripa har eg kalla Drivande Skyer, etter ein film av Aki Kaurismäki.
ETTER MOTTAKINGA å døma — stripa har no gått i Studvest i fire veker — var ikkje dette så mykje å le av. Dei fem stripene som til no er publiserte har eg lagt ut her, dersom nokon har lyst til å utfordre sin sans for humor. Eg likar eigentleg stripene best når ein berre ser dei ei og ei. Sluttpoenga manar i stor grad til ettertanke og sjølvransaking, men dette går ein glipp av dersom ein kan lese vidare med ein gong. Eg tar forresten gjerne imot tilbakemeldingar på kva som helst, for det byrjar å ta slutt på lageret og eg må kanskje snart til å teikne nye.


Hei. Har du sett “Borgertegneren”-modulen i sidebar-en borte på iNorden.no? Kunne kanskje være en fin arena. Håper jeg.
(Eg ordna kommentaren din, viss det var greit.)
Takkar for tipset, det ser spanande ut og må vurderast. Nyheiter er imidlertid ikkje det eg er mest oppdatert på. ;-)
Hei igjen, Mads. iNorden.org begrenser seg på ingen måte til harde nyheter, men handler nok mest om det som til enhver tid opptar bidragsyterne (hvem de nå måtte være/etter hvert måtte bli), så her er det fritt frem. :-)
Håper du tar det opp til seriøs vurdering — og at du får en feiende flott nyttårsfeiring.