Ein kort tekst om kontekst

NÅR EG TAR BUSSEN irriterer eg meg stort over at augene mine stadig klistrar seg til desse digital posters-skjermane som heng overalt. Gjerne med annonser for kvakksalveri (eller “alternativmedisin”, for dei lettlurte) akkompagnert av bilete som skal illustrere velvære og lukke. Det har aldri vore så mange fotografi rundt oss som no, dei er snart meir vanlege å sjå enn sjølve verkelegheita. I alle fall kjennest det slik. Fotografiet er i kvardagen vorte eit ytterst flyktig medium, og då ikkje berre på bussen, men også i særleg grad på Internett. Den beste måten å presentere noko slikt som eit kunstfotografi, utan å kalle mitt fotografi over her for kunst (men det er i alle fall ikkje reklame), er nok å henge det opp på eit venterom, eller ein annan stad der nokon har tid til å sjå på det (den gjennomsnittlege betraktingstida for kvart verk i eit galleri er visstnok hårreisande kort). Kanskje helst ein stad der folk byrjar å lure på kvifor det heng. Det er ikkje det at eg aldri har lurt på det same når eg har vitja kunstgalleri, men det er jo først det blir ekte kunst.

I DET OFFENTLEGE BYROMMET gir tydelegvis folk blanke i det meste: for ei tid attende stilte ein av verdas mest anerkjende fiolinistar, Joshua Bell, seg opp og heldt konsert i morgonrushet i Washington D.C. — på ein ekte Stradivarius. Over tusen menneske passerte, sju stogga. Resultatet er ein interessant artikkel, med video av stuntet. Ville du ha stogga og hørt på i denne situasjonen?

EG SKAL DERIMOT ikkje seie at bussen er uegna for kunst — folk har jo gjerne eit par minutt til overs når dei sit på bussen, og det har jo hengt poesi der tidlegare, utan at han har gjort for mykje av seg. Nokon (det blir vel staten) burde teke affære og kjøpt opp reklameplassen til slike føremål. Ein buss kan fort bli eit rullande kunstgalleri med høge vitjingstal, noko som i sin tur kanskje ville fått fleire til å ta bussen (neppe, men kanskje). Reklame er irriterande uansett om det er på utsida eller innsida av bussen, eller andre stader for den saks skuld. Særleg den som kjem før filmen på kinoen (og aukar i omfang kvar gong billettane vert dyrare) — der kunne ein jo vist kortfilm i staden. Ein annan lur stad trur eg kan vera inne i heisar. For ikkje å snakke om på ferjer, der folk oppheld seg lenge, og det berre heng bilete av gamle båtar og siste nytt i pølser. Eg forstår ikkje kvifor ingen stiller ut på ei ferje — det skal i alle fall eg forsøke dersom eg har noko å stille ut ein gong.

I EI TID DET FOLK kan Grandiosa-sangen utanåt trur eg uansett det er på tide å ta ned all reklamen og kanskje stue han vekk i eit kunstgalleri, til dømes.

4 Svar til “Ein kort tekst om kontekst”


  1. 1 ingerid 25. november, 2007 at 12:55

    det er ein steike god ide. Men den der Ferry Tales (i vår..?), vart vel stilt ut på ferjer, tar eg feil?
    Noken cruisebåtar og hurtigruta har i alle fall kunst. Men trur det er mest permanent.

  2. 2 Mads 25. november, 2007 at 15:24

    Det har du rett i — Norse Ferry Tales var det visst, noko eg ikkje hadde fått med meg. Takk for tipset.
    Eg veit ikkje om det medfører mykje ekstra styr for kuratorar og andre kunstfolk å bruke slike lokaler, men det er vel i prinsippet nærast gratis utstillingsplass som berre blir brukt til å vise fram gyselege gardiner og plastplanter.

  3. 3 ingerid 25. november, 2007 at 22:21

    I seg sjølv er ferjeinteriør ein verdi, spør du meg. Gardinene og plastplantene i skjønn forening med pølsereklame, gamle svart-kvitt bilete av båtar og nødutgangskilt. Det hadde krevd ein del å få det til å funka, rett og slett pga at stedet er relativt lessa ned fra før.
    Eg trur ferjer er kunstarena for noko anna enn nødvendigvis bilete på ein vegg, sjølv om eg ikkje utelukkar det heller. Performance, teater og musikk er sjølvsagt best til sjøs, men det har jo Teaterbåten visst lenge.

  4. 4 Mads 26. november, 2007 at 10:17

    For all del, det er mykje ferjekitsch som er underhaldande, men det funkar liksom best på dei små ferjene. Dei minste og eldste er gjerne dei beste. Kanskje skuldast det eit ufrivilleg antikvarisk kultursyn, men eg klarar ikkje å sjå nokon stor verdi i interiøret på dei større og nyare ferjene. Kan også hende dei små er ordna på ein litt meir personleg måte. Toalettene på ferjer er imidlertid alltid triste saker.


Skriv et svar