KONSERTFOTO ER OFTE UTFORDRANDE, kanskje særleg på grunn av at ein gjerne berre får lov å opphalde seg på skothald i dei to-tre første låtane. Heldigvis er enkelte Zappa-låter gjerne litt lange, så på denne konserten fekk eg brukbart med tid. I tillegg fekk eg lov til å bli verande og nyte konserten etterpå — noko som passa meg utmerka, sidan eg hadde fått ein kraftig emosjonell knekk om eg gjekk glipp av resten. Gledesrusen over dette var jamvel større enn då eg vart jaga ut av P!nk-konserten etter to låter tidlegare i haust. Ikkje noko vondt om dei som likar P!nk, altså, men heldigvis var eg proff og hadde øyrepluggar med.
SJÅ OGSÅ eit av bandmedlemmene sin bloggpost om Norge.

1 Svar til “Konsertfoto: Zappa plays Zappa”