I MORGENBLADET PÅGÅR det for tida ein diskusjon om religion der prinsesser og englar dryp om kvarandre som bensin på helvetes flammer og hyppigare bloggarar enn meg har for lengst sagt kva dei meiner om den saka, mellom andre Avil og Knut. Eg har riktignok slått fast at eg ikkje skal bry folk med mine ti øre om aktuelle saker på denne sida, men no trur eg ikkje det er aktuelt lenger, i alle fall ikkje andre stader enn i Morgenbladet, og det av di det først kom ut i går.
FRAMSIDA VISTE HILLARY som djevel og Märtha som engel. Av ein eller annan grunn hadde dei ikkje laga ein stor, fancy photoshopgrafikk av dei to, men heller klistra opp ein slesk Rimi-Hage som hovudbilete! Er det mogleg? Det er jo trass alt sommar, sjølv om himmelrikets sluser har opna seg over oss. Den andre sommardebatten dreier seg om den såkalla “Olsson-skolen” – ein diskusjon som jamvel overgår religionsdebatten i si tåpelegheit. Dei ei akademiske narrane som diskuterer slikt seriøst burde hånast i gapestokk.
NÅR DET GJELD RELIGIONEN så ligg også denne diskusjonen på sandkassenivå; den klassiske krangelen som handlar om kven som skal bevise at Gud eksisterer og vice versa (jfr. “De troende har bevisbyrden” Morgenbladet nr. 30/07) er i prinsippet lik om han måtte gå mellom 6-åringar eller akademikarar. No har eg riktignok meir sansen for Darwin og Dawkins enn Gud og Jesus, men er det rart himmelen gret for tida? Det har jo heller ingenting for seg å vera ateist lenger når ikkje eingong kyrkja vil ha noko med folk som trur på englar å gjere. Dersom dette bålet skal slokkast trengs det meir enn ein skarve syndeflod. Her er det nok berre å bygge seg ein ark av stråmenn og komme seg unna jo før jo heller.
Morgenbladet si gjennomgang av royal mystikk gjennom tidene freistar jo å heve seg over vanlege dødelege sine innvending, men eg held mutt og sur fast i mitt likevel.
;)
Hoho. Martha har gjort det bra til for seg no, tenkjer eg.