DET FINS MANGE slags trafikantar, men busspassasjerar som entrar fortauet er dei i alle høve dei mest månebedotne. Nest etter dei som kjem ut av ei dør og inn på fortauet er busspassasjerane dei eg køyrer ned oftast.
NO KLARAR EG SOM regel å bremse i tide, men enkelte gonger er det farleg nære. I dag kom eg til dømes syklande i god cruisingfart då ein buss stogga og ei tilsynelatande normal dame i førtiåra rava ut av bussen med nasa i skyene. Eg rakk ikkje eigong trekke i ringeklokka, eg måtte berre bråbremse, for ho var heilt og halde i si eiga verd. Og så er spørsmålet kva ein seier når det gjekk bra. “Ja, der var du få millimeter frå å bli meid ned, men ha ein fin dag vidare.”.
EG BURDE EIGENTLEG seia noko smart til dei eg nesten køyrer på, men er som regel i feil modus til å komme med relevante innspel, og det kjennest meir og meir pinleg dess meir spektakulær bråbremsinga var. For eit par veker sidan kom det ei tilsvarande dame ut frå ein buss, som heller ikkje klarte å orientere seg. Med ein centimeters margin stod eg på framhjulet med bakhjulet hengande i lufta før ho oppdaga meg; truleg hørte ho pusten min, for blikket hennar var alle andre stader enn her i denne verda. Stort sett seier dei ingenting, eller berre “jøss” og så ravar dei vidare.
Du burde forstå at når ein buss stoggar, så kjem det folk ut av den.
Ein kan ikkje bli inne i bussen og forsiktig kike ut. Ein må ut. Då.
Jada, jada, eg har ikkje sykkel. *innrømmer*
Eg trur eg har funne eit av dine offer! Eg skal vera så elskverdig å ikkje la han finna deg. Han er bestekompis med eldste bror min.
Eg køyrer ikkje raskare enn at eg klarar å stoppe (såvidt) og tek høgd for at folk treng plass til å gå av – men enkelte vasar rundt som halshogde høns lenge etter at bussen er gått.
No har du ikkje oppdatert på ei tid. Håpar du ikkje ligg i ein grøftekant og bannar. :(