EG KOM UT, var ferdig på jobb og gjekk mot sykkelen. Førre dagen eg hadde kome slik hadde eg sett meg på sykkelen og trilla avgarde medan bakdekket klappa saman under meg; det hadde vore punktert, og eg hadde måtta teke bussen med sykkel. Det kosta ekstra pengar, noko som er surt for ein gniar som meg.
EG HADDE MÅTTA LAPPE dekket sjølv, og var framleis oppskaka over heile opplevinga, så blikket mitt søkte naturleg nok umiddelbart mot bakdekket for å forsikre meg om at det var i orden. Det såg flatt ut – var det flatt? Eg huka meg ned og tok på det – jau, det var flatt. Sitjande ved sykkelen såg eg rundt meg. Først eine vegen, så den andre, og attende. Dreiv nokon gjøn med meg? Trakka eg nokon på tærne ved å parkere her?
FEBRILSK LUFTPUMPING nytta ikkje – det var eit vesentleg hol på slangen, og eg fekk ikkje nok trykk i han til at det tetna. Eg gjorde ei kjapp vurdering – det var femti minutt til neste buss gjekk – det måtte lappast. Her og no.
LAPPESAKENE kom fram frå ryggsekken, eg tok av hjulet og vrengte dekket av felgen med eit av verktøya på den sveitsiske MacGyver-lommekniven min, som eg faktisk kjøpte i Noreg av di eg skulle på teltferie til Sveits – ironisk nok skulle eg oppdage at desse lommeknivane er det einaste som er billegare i Sveits enn i Noreg, og det ikkje så reint lite heller. Vel, nok om det – eg var i alle høve ganske bad-ass.
HOLET I SLANGEN var av same type som det frå i forgårs; på innsida av slangen – den som ligg mot felgen. Eg er vant til å finne meg i mykje løye i samband med sykling, men det er då merkeleg at slike hol kan oppstå to dagar på rad under same føresetnader etter at eg har sykla dette strekket i snart ein månad på same sykkelen.
LAPPINGA VAR RÅ OG SLURVETE, og medan eg balte med å få slangen på plass dropla det brått blod på slangen. Eg er skoten, tenkte eg og tok meg til brystet – i augneblinken held eg på å lese No country for old men, og er litt oppskaka når det gjeld blod og skytevåpen – men det var altså ikkje noko slikt som hadde skjedd denne gongen. Eg hadde jo ikkje hørt noko skot og kunne heller ikkje sjå nokon sykkelmafia i nærleiken. Det var fingrane mine som blødde. Slangen i bakdekket mitt har eg no altså lappa med mitt eige blod. Eg kunne nesten glidd inn i ein roman av Cormac McCarthy.
Som meir enn gjennomsnittleg disponert for sykling har eg òg punktert oftare enn det som er ventande til vanleg bybruk. Mindre teknisk anlagt som eg er har eg heller tydd til sykkelreparatørar enn å kjøpa lappesaker. Eg var ganske lei av å kasta vekk tid og pengar på det, og sykkelreparatørane sa ingenting om at det fantes ei enkel og relativt billeg måte å få bukt med heile problemet på. Dei ville vel ikkje mista den sikre inntekta eg gav dei annakvar månad. Men til slutt spurte eg sykkelreparatøren (like ved byporten, ikkje finn på å gå til den staden på motsatt side av bystasjonen) om det ikkje fantes ein type dekk som var betre egna til å motstå små objekt som kan føra til punktering. Motvillig fann han fram nokre nye dekk, og dei kjøpte eg for nokre få hundrelappar og sidan har eg ikkje punktert.
Elles: du er invitert til bursdagsselskap/ puerto rico-speling hjå meg på sundag kl 17. Ta gjerne med Jorunn, men det kan tenkast at ho ikkje kan vera med på sjølve spelet viss Ketil, Alf Magne, meg sjølv, Ingvild og deg alle dukkar opp.
Må berre legge til at på veg til jobb den neste dagen flata bakdekket ut mellom Lagunen og Sandsli. I tillegg var eg smart nok til å gå ned eit par timar før eg skulle på jobb i dag berre for å konstatere at det denne gongen var framdekket som hadde klappa saman. Så no byrjar eg å gå tom for lappesaker. Eg må nok legge inn ei klage på desse hjula, for det er noko av det verste eg har vore borti.
… for ikkje å snakke om då eg skulle attende frå jobb og oppdaga at bakdekket hadde teke sitt siste sukk. Dette er slike ting som berre hender meg. Det skal ikkje forundre meg om lufta har gått ut av heile sykkelen når eg kjem ned og skal ta han med til sykkelsjappa i morgon. Følg med!
du bør sjekke felgene dine også, har du fått hakk i de, (som man lett kan få av grisekjøring i byn ;-) kan de punktere slangen din
Eg har alltid meint at sykling er ein ekstremsport. Dette var i overkant tøft.
*imponert*