I likskap med Eirik har eg også problem med at eg byrjar å gjera andre ting når eg eigentleg skal skrive eksamen, men det er vel slik at ein treng desse små, mentale pausane.
Det er imidlertid merkeleg at ein nyttar dei til å skrive, når det ellers er det ein treng ein pause frå. Uansett så las eg eit innlegg på Jill Walker sin blogg, om eit merkeleg kunstprosjekt som var bygd rundt mobil teknologi.
Eg må forresten nevne eit mobilteknologi-kunstprosjekt eg såg på Damaged Goods-utstillinga på Hordaland Kunstsenter i høve Piksel-festivalen, som truleg hadde noko med BergArt og BEK å gjera. Det var eit veldig lite fotogent kunstverk, så eg sletta diverre dei bileta eg hadde av det. Biletet til venstre viser noko heilt anna frå same utstilling, men det ser i alle fall meir interessant ut enn ein diger tekstmasse.
Ein skulle i alle fall sende SMS til ein PC for å få nokre ballar til å poppe ut av eit slags pustande papp-rakleverk som såg ut som eit biletrøyr frå ein gammal TV. Eg var der med ein journalist, og skulle ta bilete til Studvest – vi måtte sjølvsagt prøve. I utgongspunktet måtte ein sende 5 SMS før noko skjedde. Eg fekk raskt mistankar om at talet aldri kom til å endre seg; det heile var for utspekulert sett opp. Ingenting skjedde, men dess meir ein såg på det pustande biletrøyret, dess meir overbevist vart ein om at det kom til å skje noko. Pengane gjekk til kunstnaren, og tankane mine gjekk til dei som sender inn til SMS-chatten på TV. Suckers!
Men nok om det. Det først omtalte kunstverket heiter altså The Head Sculpture og er eit plashovud med ein kameramobil inni:
Ein kan altså sjå kva hovudet tar opp på denne flickr-kontoen. Eg trur sjølv at poenget også med dette verket må vera å gjera narr av dei som brukar det. Kanskje ikkje, men verket i seg sjølv er alle fall nesten komplett uinteressant. Det som er interessant med det er vel kanskje å samanlikne ein slik identitet med oss sjølve.
Det fins visstnok også ein versjon med bananfloger i, noko som understreker min teori.
0 Svar til “Mobiltelefonkunst”